Hopp til innhold

Slik skal E39 i Jølster bli tryggare

Elleve kilometer veg på E39 mellom Bjørset og Skei i Jølster skal fornyast for å gi meir effektiv framkomst og betre trafikktryggleik. Prosjektet kjem til å koste mellom 550 og 600 millionar kroner.

E39
Foto: Statens vegvesen

Statens vegvesen sender no reguleringsplanen for E39 over til Jølster kommune.

– Strekninga Bjørset-Skei er ein del av europavegen som tydeleg treng betre framkomst. I dag er vegen smal og svingete fleire stader, og tilhøva er dårlege for mjuke trafikantar, seier prosjektleiar Ellen Njøs Slinde i Statens vegvesen.

Ny vegstrekning vil gje eit tydeleg standardløft for både køyrande, gåande og syklande, og 5,5 km av strekninga har gang- og sykkelveg.

Vil bli innsparing i tid

Ny veg på strekninga Bjørset-Skei vil bidra til at E39 kan fylle sin funksjon med å binde Vestlandet saman, og fornyinga vil bety både innsparing i tid og auka køyrekomfort for trafikantane.

Dagens veg har ikkje god nok trafikktryggleik, og dei siste ti åra har det vore fleire ulykker på strekninga. Fleire stadar er det så smalt at større køyretøy må bremse opp, eller rygge, for å passere kvarande.

Blir gul midtlinje

Den nye vegen vil bli 8,5 meter brei, noko som betyr gul midtlinje. Frå Bjørset til indre Årdal er det lagt inn ekstra skulder for mjuke trafikantar, og det er planlagt gang- og sykkelveg frå indre Årdal til Skei.

E39 langs Jølstravatnet går gjennom eit rikt kulturlandskap med aktivt jordbruk. Nokre av utfordringane i vegplanlegginga har vore mange små avkøyrsler, samt ei rekkje hytter og bustadhus i nærleiken av vegen.

– Det har vore ein balansegang å finne den beste veglinja som gir minst ulempe, både for bebuarar, naturmiljø og landskap, seier Slinde.

Reguleringsplanen skal leggjast fram til politisk handsaming i Jølster kommune i slutten av mars. Målet er offentleg utlegging av planane i april, med høyringsfrist i mai.