Eitt av måla til Opplæringsavdelinga i fylkeskommunen er at «Vidaregåande opplæring skal ta hand om heile mennesket». Som ei følgje av det kom dei fyrste miljøkoordinatorane i fylket kom i mars 2000. Då vart tre skular tekne med i eit prøveprosjekt, for å sjå om koordinatorane kunne vera med på å styrka det sosiale miljøet ved skulane.
Særskilt vart det peika på at i eit fylke med såpass mange hybelbuarar på dei vidaregåande skulane, var det viktig å ha eit breidt tilbod, også utanom ordinær skuletid.
Vart suksess
Tiltaket med miljøarbeidarar viste seg raskt å bli ein suksess, og no er det miljøkoordinatorar på dei aller fleste vidaregåande skulane, og betre skal det bli. Opptrappinga er det fylkeskommunen som står for, og det er enno usikkert kva for skular det er snakk om.
Gudbrand Heiene er miljøkoordinator ved Hafstad vidaregåande skule, og har blitt ein heilt naturleg del av eit miljøet kring elevane. Der avstanden mellom lærarrommet og klasserommet før i tida kunne vera lang, er det no Heiene si oppgåva å vera mellommann i høve til elevane og administrasjonen.
Mange gjeremål
Og Heiene har nok å gjera. Ulike tilstelningar, bli-kjend-turar, utlån av spel, gitarar og bordtennisracketar er noko av det han jobbar med. I tillegg er han kontaktperson på skulen. For å få eit godt miljø, meiner han at det er viktig at terskelen for å snakka om ulike problem, er låg.
Naudsynt funksjon
Elevrådsleiar Jan Erik Søreide og tillitsvald Ina Therese Sørfonden meiner miljøkoordinatoren har ein naudsynt funksjon i skulen. Dei er stornøgde med innsatsen til miljøkoordinatoren deira, men hadde helst sett at han var i ei 100 prosent stilling.