Hopp til innhold

Stogga bil der det meste var feil

Måndag stogga kontrollørane ein varebil med hengar der det meste var feil.

Kontrollstasjonen på Håbakken

FANN MANGE FEIL: Stogga varebile med overlast og hengar utan bremser og lys.

Foto: Rune Fossum / NRK

Varebilen med hengar stogga ikkje for skiltet som varsla kontroll, men vart innhenta av ein av kontrollørane.

– Han la seg rimeleg flat med ein gong, og innsåg at han hadde ein dårleg dag, seier Bjarte Frækaland, som er kontrollør i Statens vegvesen.

For ein nærare inspeksjon av bilen og hengaren synte at bilen hadde meir last enn den hadde lov til. I tillegg køyrde han med hengar som mangla både bremser og bremselys. På toppen av dette kjem og at kombinasjonen av bil, hengar og last gjer at bilen skulle hatt fartsskrivar montert. Noko som heller ikkje var gjort.

– Han vert no meld til politiet for desse manglane, og for at han ikkje stogga for kontroll, seier Frækaland.

I alt 64 bilar vart sjekka i kontrollen, og dei fleste hadde alt på stell. Frækaland seier dei ofte kjem bort i varebilar med overlast og køyretøy med lysfeil på hengarane.

– I ein slik varebil så er det plass til forholdsvis lite nyttelast, og mange tenker nok ikkje over kor mykje dei har lov til å laste i ein slik bil. Og når det gjeld dei som køyrer med hengar så er det fleire som burde gå i seg sjølv og ta ein sjekk av lysa på hengaren sin, seier Frækaland.