Kommunen har tidlegare brukt stipend for å auke søkjartalet, og håpar at det igjen kan redde skulen, seier ordførar Nils Gjerland til Firda.
Viser til dårlege søkjartal
Spørsmålet er om Høgskulestyret let seg overtale, for høgskuledirektør Hans Jørgen Binningsbø tilrår nedlegging. Han viser til søkjartala som har vore dårlege i alle år, med unntak av nokre få år kring 2000. Skulen rekrutterar få studentar utanfor nærområdet, og konkurrerer med ei stor ingeniørutdanning med ledig kapasitet i Bergen, i tillegg til Ålesund, Stavanger og Stord/Haugesund.
Utgangspunktet for slik utdanning her i fylket er difor ikkje spesielt gunstig, skriv direktøren.
God tru
Førdeordføraren er av ei anna meining. Han seier at dette er ei studieretning som næringslivet har behov for. Måndag fell avgjerda i Høgskulestyret, og Gjerland har god tru.
- Viss styret lyttar til dei faglege innspela som har kome, til dømes frå industriforeininga i området, vil eg bli overraska om dei gjer vedtak om å avvikle denne studieretninga no, seier Gjerland.