Hopp til innhold

Stenger Flåmsbana - må sprenge ned store mengder is

Alle tog frå Myrdal til Flåm blir innstilte frå klokka 09 til 18 torsdag, fordi Bane Nor skal fjerne snø og is i fjellsida over jernbanelina.

Skal fjerne is på Flåmsbana

ISMASSIV: Store mengder is har bygt seg opp i fjellsida over Flåmsbana gjennom vinteren.

Foto: Bane Nor

Svært store mengder med is har bygt seg opp i eit parti heilt øvst på Flåmsbana, like nedanfor Myrdal stasjon.

– Vi gjorde eit forsøk førre helg, men då fekk vi ikkje ned nok is, seier prosjektleiar Karl Morten Undal.

Må bruke sprengstoff

Kring 150 tonn med is og snø reknar Bane Nor med at dei må fjerne i løpet av dagen. Ispartia er så massive at dei må ta i bruk både helikopter og sprengstoff.

Ryddar is på Flåmsbana

EKSTRAORDINÆRT: Bane Nor tar i bruk både helikopter og sprengstoff når dei skal rydd ned isen frå fjellsida.

Foto: Bane Nor

– Det er ikkje vanleg at vi må sprenge ned is. Dette ser vi på som eit heilt ekstraordinært tiltak, seier Undal.

Det er også grunnen til at dei stenger bana heilt medan arbeidet går føre seg.

– Vi må gjere ein del tiltak i forkant, blant anna flytte på utstyr for å unngå skadar på infrastrukturen, seier Undal.

Unngå ras

Med så store mengder is som har samla seg i fjellsidene vil Bane Nor rydde ned isen kontrollert, framfor å la naturen ordne opp sjølv.

– Vi har Flåmsbana som går opp og ned, og vi ynskjer ikkje at isen skal rase når det kjem tog, seier Undal.

Sjølv om dei no tar ned isen kontrollert er det likevel fare for at isen skal kunne gjere skade på installasjonar langs jernbanesporet.

– Vi kan ikkje flytte bana, den ligg der den ligg. Difor gjer vi no tiltak med å rydde vekk isen og elles reparere det som eventuelt måtte få seg ein smell.

Det blir ikkje sett opp alternativ transport då strekkja er utan veg.