– Når vi bygger vegen både høgare og breiare så blir det vanskeleg å gjere det på ein del av partia samstundes som vi har trafikk på vegen, seier Harald Stadheim, som er byggjeleiar i Statens vegvesen.
For å redusere ulempene for trafikantane og anleggsarbeidarane, vert vegen heilt stengd heilt i perioden m åndag 1. juni klokka 06.00 til fredag 19. juni klokka 14.00
Vegen blir stengt ved Slutebakken, mellom Øvre og Nedre Smedalsvatn gjennom heile perioden, også i helgane. Entreprenøren vil jobbe på skift gjennom heile døgnet for å få gjort mest mogleg medan stenginga varer.
Grunneigarar og hytteeigarar skal få tilgang til å kome seg fram til eigedomane så langt det er mogleg i perioden.
- Les også:
Omkøyringsvegar
Gjennomfartstrafikk må nytte omkøyringsvegane fylkesveg 53 Tyin-Årdal (maks høgde 4 meter) og riksveg 52 Hemsedalsfjellet / fylkesveg 51 Golsfjellet. Tungtrafikken blir oppmoda om å velje Hemsedalsfjellet, også om dei skal vidare nordover.
– Totalt sett meiner me stenging ein kortare periode er den beste og mest oversiktlege løysinga for mange, men vi ber om orsaking for dei ulempene dette vil medføre for dei som blir hardast råka av stenginga, seier Stadheim.
Statens vegvesen opplyser også om at fleire kilometer av E16 over Filefjell blir gjort ferdig med asfalt, i løpet av hausten 2015.