Hopp til innhold

Denne vegtraseen opnar ikkje før neste helg - du kan bli med allereie no!

Neste helg vert den nye vegtraseen på E16 Borlaug-Smedalsosen opna, og ni nye kilometer av E16 er klare til bruk. Men du kan ta turen allereie no!

Created by InfoDispatcher

TA TUREN: Sjå nyevegen frå Smedalsosen til Borlaugkrysset. Foto/redigering: Jan Christian Jerving

– Førebels manglar det litt småting, som merking og slikt, før vi kan opne, seier byggjeleiar Sveinung Brude i Statens vegvesen.

Det er fire kilometer som går i tunnel, og fem kilometer som er veg i dagen.

Strekninga går frå Borlaugkrysset og nesten opp til fjellet, mot Filefjell.

Har att to kilometer

– Dei to siste kilometrane vert ikkje ferdige før i september, men vi er ferdige med ein stor del av strekninga då, seier Brude.

Og nettopp sidan ein har att to kilometer før heile strekninga er utbetra, ventar ein med den offisielle opninga til hausten.

– Det vert ikkje noko markering neste helg når egen kan takast i bruk, seier Brude.

Han trur trafikantane vil merke stor forskjell når dei kan ta den nye vegen i bruk.

– Den gamle vegen var veldig smal og svingete. Det blir veldig stor forskjell der det er tunnel, og det er stor forskjell også etter tunnelen, forbi Maristova. Der er det delvis heilt ny trasé, seier Brude.

  • LES OGSÅ: E16 over Filefjell blir ferdigstilt - får 1,5 milliardar kroner

Blir lettare for tyngre køyretøy vinterstid

Den gamle E16 vert liggjande attmed som ein lokal veg.

– Den nye vegen er langt betre på alle vis. Vegen er 8,5 meter brei, medan den gamle var mykje smalare og meir svingete, seier Brude.

Men trass i betre veg, trur ikkje Brude trafikantane vil merke at det tek kortare tid å køyre strekninga. Men trafikkflyten og tryggleiken vil verte betre, spesielt vinterstid.

– Det blir ikkje så stor skilnad i tid. Men på vinterstid har det vore mykje situasjonar med full stopp i trafikken på grunn av store køyretøy som ikkje har komme seg opp bakkane. Den situasjonen vil vi ikkje få noko særleg meir av, seier Brude.

Sveinung Brude

GLAD: Byggjeleiar Sveinung Brude i Statens vegvesen takkar trafikantane som tolmodig har tålt vegstengingar over lang tid medan den nye vegen har vorte bygd.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Arbeidet med å utbetre og ferdigstille resten av E16 over Filefjell, held fram. Det er mykje som skal på plass før strekninga er ferdig i 2017.

– Det er 20 kilometer veg som allereie er starta, og som går over heile Filefjell, forbi Tyinkrysset og ned på Varpe bru. Den vert ferdig i løpet av 2017, seier Brude.

Takkar bilistane for tolmodet

Den siste parsellen er ved Øye i Valdres, og den skal også vere ferdig til 2017.

– Parsellen på Øye vert ikkje starta før neste år, seier Brude.

Han rosar trafikantane på strekninga for å ha vore tolmodige. For på grunn av vegarbeid har det vore mange stengingar og mykje venting for dei som har køyrt E16.

– Det har vore mykje ventetid. Det vert det når ein skal byggje veg i ein trong dal og må sprengje mykje. Men publikum har vore veldig på lag med oss, og no kjem belønninga når nyevegen vert opna, seier Brude.

Han rosar også entreprenøren for å ha gjort ein god jobb, både med vegen og utanfor.

– Eg tykkjer dette har vorte veldig bra, seier Brude.

Etter planen skal det verte ei offisiell opning og tilhøyrande markering den 30. august.