Steiring om rasismeskuldingane: – Eg kalla han ein «fucking idiot»

FOSSHAUGANE (NRK): Sogndal-spelar Per-Magnus Steiring vart skulda for rasisme av Sandefjord-spelarane, men 20-åringen avviser å ha kalla Victor Bindia for ein «fucking nigger».

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Sandefjord.

MISFORSTÅTT: Per-Magnus Steiring meiner Victor Bindia har høyrd feil, og at han ikkje kalla han ein «fucking nigger».

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

– Han sa noko til meg som ikkje er akseptabelt, han kalla meg ein «fucking nigger». Det er ikkje akseptabelt i fotball, seier Sandefjord-spelar Victor Bindia til NRK, etter gårsdagens 3–2 tap for Sogndal.

Situasjonen oppstod rett etter pause. Sandefjord-spelar Enric Vallès vart liggande nede etter ein duell og plutseleg omringa rasande Sandefjord-spelarar Per-Magnus Steiring. Det var særs ampert medan det var stopp i spelet.

Til VG, som omtalte saka først, kalla Sandefjord-spiss Flamur Kastrati ordbruken forkasteleg og uhaldbar.

Steiring sin versjon

Etter kampen snakka NRK med Per-Magnus Steiring om situasjonen. Han skildrar den slik:

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Sandefjord.

UAKSEPTABELT: Victor Bindia kom med sterke skuldingar mot Sogndal-spelar Per-Magnus Steiring og meiner det han sa er uakseptabelt.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

– Ein av deira spelarar vart liggande etter ein duell, og eg var på veg bort for å seie ifrå. Eg synest dei låg strødd heile vegen. Så dytta han meg, og eg sa «fucking idiot». Eg veit ikkje kva han trur eg sa ...

– Han meiner du sa «fucking nigger»?

– Nei, det sa eg ikkje. Det sver eg på. Så langt går eg ikkje, seier Steiring til NRK.

Til VG seier Sogndal-trenar Eirik Bakke at dei har nulltoleranse for rasisme i klubben.

– Eg tok det med Per-Magnus med ein gong, og han hevdar det ikkje stemmer. Han hevdar å ha sagt "fucking idiot". Då må eg stola på min eigen spelar. Eg trur ikkje han kan ha sagt dette. I kampens heite skjer det mykje, dette er sterke skuldingar, seier Bakke til VG.

Etter kampen unnskylda Steiring seg overfor Bindia.

– Han sa unnskyld og det var ein krangel, så eg trur ikkje han meinte det 100 prosent, så eg aksepterer unnskyldninga, seier Bindia til NRK.