NRK Meny
Normal

Innbytaren vart helten på overtid

FOSSHAUGANE (NRK): Det såg ut til å gå mot poengdeling, men på overtid sikra eit skot frå Bendik Bye 3–2 siger for Sogndal.

Bendik Bye set inn sigersmålet for Sogndal mot Sandefjord

SIGERSMÅLET: Bendik Bye fekk to sjansar til å skåre på overtid. Fem minutt på ovetid klinka han ballen i mål.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..
Sogndal-Sandefjord, Christer Hansen vert utvist.

UTVIST: Christer Hansen vart utvist på overtid i første omgang, etter at han felte Martin Ramsland som sistemann. Sogndal fekk straffe som Gilbert Koomson scora på.

Foto: Halvor Farsund Storvik / Porten.no

– Perfekt. Det vert ikkje betre enn dette. Det var utruleg herleg å sjå den gå inn, seier Sogndal sin redningsmann Bendik Bye til NRK.

Det såg ut til enda med 2–2 og poengdeling, men på overtid sende Bye heimefansen til himmels med si 3–2 scoring. Bye hadde først eit heading som gjekk langt over, men fekk ein ny sjanse då klokka viste at kampen var fem minutt på overtid.

– Det var fantastisk å få den scoringa på slutten og det var fortent at det var Bendik som scora. Han hadde ein sjanse i forkant der også, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke til NRK

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Sandefjord.

JUBEL: Så glade vart Sogndal-spelarane, etter at Bendik Bye avgjorde kampen på overtid.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

– Veldig strengt

Sogndal spelte heile andre omgang med ein mann meir.

På overtid i første omgang vart Martin Ramsland riven ned av Christer Hansen på veg inn i feltet aleine mot keeper. Straffe til Sogndal og raudt kort til Hansen. Gilbert Koomson var sikker frå 11-meteren og sørga for at laga var like langt med si 2–2 scoring.

– Eg meiner det var veldig strengt, eg var ikkje nær han. Så at eg skal få raudt kort og straffe imot, det er veldig strengt, seier Hansen.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Sandefjord.

STRAFFE: Her får Sogndal straffe, på overtid i første omgang, Martin Ramsland vart riven i bakken.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Men trass i at Sogndal var ein meir i ein heil omgang vart det ikkje fleire scoringar i andre omgang, før heilt på tampen. Sandefjord forsvarte seg heroisk og Sogndal klarte ikkje å skapa dei store målsjansane.

Sandefjord-trenar Lars Bohinen meiner utvisinga etter situasjonen like før pause ikkje vart avgjerande.

– Vi har kontroll på kampen, så det var ikkje den situasjonen som gjorde at vi tapte kampen i dag, seier Bohinen til Eurosport.

– Det er vanskeleg oppgåve å spele med ti mann mot elleve, men vi løyste det heilt bra heilt til to minutt på overtid.

Sogndal-Sandefjord, Gilbert Koomson scorar på straffe

MÅL: Gilbert Koomson var sikker frå straffemerket.

Foto: Halvor Farsund Storvik / Porten.no

To kjappe

Kvarteret ut i første omgang tok kampen av på Fosshaugane. Først var Mathias Dyngeland uheldig med ei utboksing etter eit frispark. Ballen boksa han rett i beina på Kjetil Wæhler og ballen trilla i eige mål bak ein spelt ut Dyngeland.

Men Sogndal brukte mindre enn eitt minutt etter avspark igjen på å få balanse i rekneskapen. Ballen vart slått opp på hjørnet av 16-meteren av Per-Magnus Steiring. Der venta Martin Ramsland som sette ballen under ein utrustande Ingvar Jónsson i Sandefjord-målet og laga var like langt.

Sogndal-Sandefjord, Martin Ramsland scoring

JUBEL: Martin Ramsland jublar over å ha utlikna til 1-1, tidleg i første omgang.

Foto: Halvor Farsund Storvik / Porten.no

Etter 27 minutt hadde Sandefjord ein god sjanse til å ta tilbake leiinga, då Victor Demba Bindia fekk god treff frå 16-meter, etter ein corner. Skotet gjekk forbi alt og alle i feltet, men stolpen hindra scoring.

Dryge fem minutt før pause stod Sandefjord-spelar André Sødlund for dagens enkeltmannsprestasjon. Han vann ballen høgt i bana, gjekk innover i feltet og då ingen valde å gå i press sette han ballen elegant i det næraste hjørnet til 2–1.

Laster innhold, vennligst vent..
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.