Steinar dundra ned i vegbana i Sogn

Eit steinras stengde tidlegare vegen ved Ylvisåker på riksveg 55 mellom Leikanger og Sogndal. No er det manuell dirigering av trafikken.

Laster kart, vennligst vent...

RAS: Eit steinras stenger den mykje nytta vegen mellom Leikanger og Sogndal.

– Det er snakk om ein stor stein og nokre mindre steinar, seier Jan Erikstad, som er trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Vegen var heilt stengt i nær to timar. Like før kl. 17 opna Statens vegvesen for manuell dirigering av trafikken. Det er ikkje meldt om skade på køyretøy eller personar.

Riksveg 55 er ein av dei mest trafikkerte strekningane i fylket, og det er mange pendlarar som nyttar seg av vegen. Omkøyringsmoglegheitene er ganske lange for dei som vel å leggje ut på dei.

Folk som skal mellom Sogndal og Leikanger måtte anten ta vegen om Lærdal-Vinje-Vik og ta ferje over fjorden til Balestrand, eller ta vegen om Skei-Førde-Vadheim-Balestrand.

Lange køar på staden

Tore Leiren er ein av bilistane som måtte bruke ettermiddagen i kø. Han var på veg frå Sogndal til Leikanger, men frykta han i verste fall måtte ta ein omkøyringsveg på fleire timar for å komme seg heim.

– Vi er vande med at det går ras her, og tek ventinga med godt humør, seier Leiren.

Laster Twitter-innhold