Hopp til innhold

Stein hagla over barneskule etter sprengingsuhell

Knust takstein og hol i veggen viser skadane Brandsøy skule i Florø fekk, etter at steinar hagla på skulen grunna eit sprengingsuhell.

Skade på vegg etter sprengingsuhell ved Brandsøy barneskule, Florø

HOL: Ein av steinane har laga eit stort merke på veggen på skulebygget.

Foto: Privat

– Eg tenker at noko sånn ikkje kan skje, det er ein risiko vi ikkje kan leve med. Vi har hatt møte med entreprenøren i forkant av uhellet og blitt forsikra om at dette ikkje skulle skje. Men så skjedde det likevel, seier konstituert rektor ved Brandsøy skule, Robert Steindal.

Det var ved 09.45-tida i dag tidleg at sprenging av ein anleggsveg i nærleiken av skulen gjekk gale. Fleire steinar hamna inne på skulen sitt området og gjorde skade på takstein og veggen på skulebygget.

Det var Firdaposten som først omtala henginga.

Foreldre vart forskrekka

Stine Endestad Brandsøy er leiar i foreldreutvalet ved Brandsøy skule, ho seier at ho først fekk vite om det som hadde skjedd då ho fekk eit bilete på Snapchat.

– Eg tenkte «herregud! kva er det som skjer?», eg vart bekymra, og eg trur ein del av elevane opplevde det som ganske dramatisk.

Stine Brandsøy

KRITISK: FAU-leiar Stine Endestad Brandsøy er kritisk til sprengingsuhellet.

Foto: privat

Brandsøy vil understreke at ho tykkjer informasjonen frå Brandsøy skule har vore veldig god i ettertid, men ho er kritisk til at det går an å ha eit slikt sprengingsuhell like ved ein skule.

– Det er jo berre utruleg flaks at ingen vart skada. Dei må vere meir forsiktige om dei skal sprenge like ved ein skule!

Undersøker hendinga

Stein på skuleplassen etter sprengingsuhell ved Brandsøy barneskule, Florø

STORE: Fleire steinar som dette hamna både på skuleplassen og i området rundt etter sprengingsuhellet.

Foto: Privat

Ingen elevar var ute då uhellet skjedde og ingen vart skadd.

– Men ein vert redd for kva som kan skje med elevane, seier rektor Steindal.

Politiet har vore på staden i dag, og har også vore i kontakt med entreprenøren. Til NRK seier entreprenør Atle Bjerck at dei no skal prøve å finne ut kva som har skjedd.

– Vi vil prøve å finne ut av det, ut over det har eg ikkje noko kommentar, seier Bjerck.