Stavkyrkjene i Noreg er eldre enn først anteke

Historia må skrivast om når forskarar slår fast at fleire stavkyrkjer er eldre enn kva ein har trudd.

Urnes stavkyrkje

KULTURSKATT: Urnes stavkyrkje ligg på UNESCO si verdsarvliste.

– No har vi presis alder på ein del stavkyrkjer, seier førsteamanuensis ved NTNU Vitenskapsmuseet, Terje Thun.

Tidlegare har forskarar målt årringar i treverket med lupe, som dei har samanlikna med boreprøver frå byggematerialet. Gjennom den nye metoden «fotodendro» tek dei heller bilete av treverket for å datere året tømmeret blei felt. Det var forskingsnettstaden gemini.no som først omtalte saka.

Blant kyrkjene forskarane frå NTNU har sett på, er Urnes stavkyrkje i Luster i Sogn. Kyrkja står på UNESCO si verdsarvliste, og er rekna for å vere ei av dei eldste kyrkjene i Noreg.

Urnes stavkyrkje er datert til kring 1130, men den nye målemetoden viser at ein del av kyrkja blei bygd av tømmer frå år 1069 og 1070.

– Fleire av stavkyrkjene våre er eldre enn først anteke, seier Thun.

Viser fram oppflisa treverk i Urnes stavkyrkje

TREVERK: Her ser forskarar på skadar i treverket i Urnes stavkyrkje.

Foto: Kjersti Marie Ellewsen

Forskarane har også studert Kaupanger stavkyrkje, Hopperstad stavkyrkje, Gol stavkirke og Borgund stavkyrkje.

Den nye målemetoden viser at Hopperstad stavkyrkje er like gammal som Urnes stavkyrkje, sett vekk frå eine veggen på kyrkja i Luster.

Forskarane kom også fram til at Kaupanger stavkyrkje berre er nokre år yngre enn Hopperstad og Urnes, noko som kan bety at det er same personar som står bak kyrkjene.

Blod og sverd

Under stavkyrkja i Urnes ligg restar av kyrkjene som låg der før.

– Kyrkja som står i dag er den fjerde som er funnen. Nordveggen kjem frå den tredje kyrkja, og så har det vore to tidlegare kyrkjer, som er det me kallar for stolpebygningar. For oss viser det at det har vore kyrkjer der lenge, seier dagleg leiar Ingebjørg Njøs ved Urnes stavkyrkje.

Ho meiner nye målemetodar kan få betydning for forståinga av korleis kristendommen kom til landet.

– Denne ideen om at Noreg vart kristna med blod og sverd på kort tid er kanskje meir ein myte enn noko anna. Mykje tyder på at det har vore ein kulturkontakt lenge før kristninga av Noreg, seier Njøs.

– Ikkje tett nok på

Kulturhistorikar Sæbjørg Walaker Nordeide frå Universitetet i Bergen trur ikkje nødvendigvis at funna har så mykje å seie for korleis Noreg vart kristna.

– Dei fleste av funna er ikkje tett nok inne på dei mest dramatiske hendingane som skjedde på 1000-talet, seier ho.

Nordeide peikar likevel på at det er klare indikasjonar på at det har vore tidlege teikn til kristendommen, enkelte stadar i landet.

– Me har jo dateringar rundt 1000-årsskiftet på ei kyrkje, og ei som er datert så tidleg som 8–900 talet. Så det er jo nokre hendingar som er tidlegare, men dei fleste er ikkje det, seier Nordeide.

03.11.2013 kl. 22.04: I ein tidlegare versjon av saka stod det «stavkyrkjene» i ingressen. Dette er no retta til «stavkyrkjer».