Hopp til innhold

Eit unikt forhold

ORNES (NRK): – Eg brukar å sei at eg gifta meg med Urnes stavkyrkje, seier Marit Bøen (72).

Marit Bøen - Urnes stavkyrkje

STERKE KJENSLER: I 40 år har Marit Bøen hatt eit unikt forhold til stavkyrkja som stammar tilbake til 1100-talet.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

I 40 år har hedmarkingen vore oppsynskvinne i Urnes stavkyrkje. No skal nokon andre ta over jobben, som ho sjølv har hatt sidan slutten på 70-talet.

Heilt unik

– Det første mange seier når dei kjem inn i kyrkja er «Åh» og «Wow». Då skjøner ein at dei er imponert, seier Bøen.

Sjølv blir ho aldri lei av å sjå på alle utskjeringane som pregar den eldste stavkyrkja i Noreg.

– Denne stavkyrkja har mykje meir utskjeringar enn nokon andre stavkyrkjer i Noreg. Eg tykkjer dei syner veldig gode bodskap, seier ho entusiastisk.

Utskjæringar - Urnes stavkyrkje

UNIKT: Kyrkja er full av utskjeringar, både innvendig og utvendig. Målinga på Kristus-figuren er original frå år 1150 seier Bøen.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

For Bøen har kyrkja vore ein stor del av livet hennar. Ho flytta til Ornes på grunn av mannen sin på byrjinga av 70-talet. Allereie før dei hadde gifta seg hadde han takka ja til å halde tilsyn med kyrkja.

– Eg brukar å sei at eg gifta meg med Urnes Stavkyrkje, seier ho med eit glimt i auga.

Marit Bøen - Urnes stavkyrkje

DELER KUNNSKAP: Bøen tykkjer det er kjekt å svare tilreisande på spørsmål om kyrkja.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Sterke historier

Det kjem fleire tusen besøkjande til stavkyrkja kvart år. Ho meiner det er bra at så mange er interessert i å lære om historia til stavkyrkja.

– Eg tykkjer det er fint at det her vert delt med andre. Det er bra at mange får sjå kor fin og unik kyrkja er.

Ho fortel at i 1987 var det 7000 besøkjande, mens no kjem det over 20.000 besøkjande innom kvart år.

Ho tykkjer det er kjekt å dele kunnskapen sin om kyrkja med dei besøkjande. Sjølv får ho også høyre mange sterke historier.

– Dette har eg venta lenge på, fortel Larry Urness frå Wisconsin, til Bøen.

Han og kona, Louis, har reist frå USA til Ornes for å besøke staden der forfedrane hans kom ifrå. Det vart eit sterkt augneblikk for dei.

Earnest og Louis frå Wisconsin

STERKT MØTE: Larry og Louis frå Wisconsin, USA, vart rørt då dei for første gong besøkte stavkyrkja. – Det er som om ein har kome heim, seier Larry. Tippoldefaren hans var frå Ornes.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Eg har høyrd om denne kyrkja heile livet. Når eg gjekk inn her fekk eg kjensla av noko familiært, seier han rørt.

Det var tippoldefaren hans som valde å reise den lange vegen frå Noreg til USA på slutten av 1800-talet. Far til Larry snakka også om å reise til Noreg, men levde ikkje lenge nok til å få ynskje oppfylt, fortel han.

– Det er mykje historie her, men det er også mi historie. Eg er veldig stolt av dette, avsluttar han.

Heidra for innsatsen

2. juni i år var det akkurat 40 år sidan ho starta i jobben. Då det skulle markerast fekk ho seg ei stor overrasking.

– Då fekk eg tildelt Urnesmedaljen, høgaste utmerkinga til Fortidsminneforeninga. Det hadde eg ikkje forventa, seier ho.

«Som nabo til denne nasjonalskatten frå tidleg på 1100-talet har Marit Bøen vore oppsynskvinne, brannvakt, guide og bidratt til forsking. Tusen takk for ein formidabel innsats!». Dette står skrive på Fortidsminneforeninga si heimeside om innsatsen til Bøen.

Ho er takknemleg, og set pris på at folk har lagt merke til innsatsen hennar.

Marit Bøen - Urnes stavkyrkje

HEIDRA: I 1997 vart ho tildelt heidersnåla frå Fortidsminneforeninga, og i 2009 fekk ho H. M. Kongens fortenestemedalje for arbeidet for kyrkja. I år tok ho i mot Urnesmedaljen frå Fortidsminneforeninga.

Foto: Ola Weel Skram / NRK