Statsbudsjettet, Sogn og Fjordane

  • Hadde håpa på meir pengar

    Ordførar Arnestein Menes frå Senterpartiet i nye Sogndal kommune er også skuffa over at regjeringa ikkje vil belønne dei nye kommunane med meir pengar. Heller ikkje for den nye storkommunen i indre Sogn var statsbudsjettet lysteleg lesnad.

  • Skuffa kommunar

    Skuffelsen er stor i dei nye storkommunane i Sogn og Fjordane. Kommunane som har slått seg saman hadde nemleg håpa på betre økonomisk utteljing i forslaget til statsbudsjettet. Kommunedirektør Ole John Østenstad i nye Sunnfjord kommune meiner regjeringa undervurderer kva det kostar å slå saman kommunar. For Sunnfjord sin del betyr budsjettframlegg reduserte overføringar på åtte millionar kroner.

    Kommunedirektør i Sunnfjord kommune Ole John Østenstad
    Foto: Aleksander Åsnes / NRK
  • Oppgraderer tunnelar

    Regjeringa har sett av 167 millionar kroner i statsbudsjettet til oppgradering av Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen på E16 i Aurland. Også Borgundtunnelen og Seltatunnelen på E16 i Lærdal skal oppgraderast med blant anna nye vifter, lys og naudutstyr.

  • Ingen pengar til Stad skipstunnel

    I dag kom forslaget til statsbudsjett for 2020 utan oppstartsmiddlar til skipstunnelen. – Vi hadde store forhåpningar til at regjeringa ville komme med eit endeleg klarsignal i dag, seier prosjektleiar for Stad skipstunnel, Randi Humborstad.

    Stad skipstunnel
    Foto: KYSTVERKET/SNØHETTA