Hopp til innhold

Starta sin første kamp på eitt og eit halvt år

SOGNDAL - FØRDE 2-2 (NRK): Resultatet var ikkje det viktigaste for Kristoffer Ryland (20). Han gledde seg først og fremst over at eit årelangt skademareritt endeleg er over.

Kristoffer Ryland i kamp for Sogndal

ENDELEG TILBAKE: Her er Kristoffer Ryland endeleg der han vil vere: På bana frå start for Sogndal.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det var herleg. Eg har jobba knallhardt medan eg var ute, så no er det godt å komme i gang, seier Kristoffer Ryland.

Sogndal henta den lynraske venstrekanten frå Florø hausten 2014, til trass for at han då sleit med skader på både korsband og menisk i venstre kne.

Då han eitt år seinare var skadefri og i gang med kampar for andrelaget i tredjedivisjon, rauk han eit band i ankelen. På ny venta operasjon og lang opptrening.

Nøgd med tanke på det lange skadeavbrekket

Men: No ser alt lysare ut. I treningskampen mot Raufoss for nokre veker sidan fekk han ein halvtime som innbytar. Og mot Førde fekk han for aller første gong starte ein kamp for Sogndal etter overgangen frå Florø i 2014.

– Det er ufatteleg herleg å vere i gang. Det har blitt mange timar i gymen på meg. No er det viktigaste å få trent godt og å spele kampar, seier Ryland.

Sjølv var han eit friskt innslag på venstrekanten – delaktig i mykje av det som skjedde offensivt for sogningane.

– Eg må vere nøgd med tanke på at eg har vore ute så lenge. Kan vel ikkje vente at alt sit med ein gong. Eg merkar jo at eg ikkje har spelt på stor bane på veldig lenge, seier Ryland.

Eirik Bakke på benken

VARIERANDE: Sogndal leverte ein svært varierande kamp mot Førde. - Vi har mykje å gå på, seier Eirik Bakke.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sogndal det beste laget, men kampen enda uavgjort

Florøværingen er i praksis som å rekne som ein ny spelar i stallen til Sogndal. No er han ute etter å bevise at han er god nok - og på sikt vil han kapre ein fast plass på laget.

– Kristoffer har vore ute i nesten 17 månadar. Eg ser at han har mykje å gå på, men det er eg ikkje så oppteken av. No må han berre trene godt og spele kampar, seier Bakke.

Førde tok leiinga etter berre fem minutts spel i treningskampen på Fosshaugane. Berre fem minutt seinare raga Mahatma Otoo høgast på eit frispark frå Jukka Raitala. Headinga fann vegen til nettmaskene, og det stod 1-1.

Ti minutt før pause sende Fredrik Flo heimelaget i føringa, før Eirik Flatjord heilt i starten av andreomgang fastsette sluttresultatet til 2-2 med ein kanonskot frå 20 meter. Det hadde sunnfjordingane grunn til å vere mest nøgd med.

Fredrik Flo i duell i Sogndal-kamp

SCORA: Fredrik Flo scora sitt andre mål i Sogndal-drakta, då han sende heimelaget opp i 2-1. - Veldig godt å score når ein er spiss. Det er jo det ein ønskjer, seier Flo.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi har ein del å gå på i kvalitet

Treningskampen var den siste på heimebane for Sogndal før dei møter Haugesund i Bergen, og deretter ventar Sandefjord og Tromsø på La Manga. Mot Førde sat mange av dei beste på tribunen.

– Vi trenar tøft om dagen, så det går litt opp og ned i prestasjonane. Eg trur nok vi skal stå kampane godt når vi startar serien. Samstundes er det positivt at vi får fleire opp og går, seier Bakke.