Hopp til innhold

Får ikkje støtte for snusk-påstandar

Trist, leit og eit tap for partiet, seier lokale Framstegsparti-leiarar om at Åge Starheim melde seg ut i protest. Men han får ikkje støtte for påstandane om «snusk og fanteri».

Åge Starheim

TRIST: Fleire lokale Frp-leiarar beklagar at Åge Starheim melder seg ut av partiet.

Foto: NRK

Starheim var stortingsrepresentant for Framstegspartiet mellom 2005 og 2013, fylkesleiar i sju år og æresmedlem i partiet.

I går vart det kjend at han melder seg ut, på grunn av det han kallar «snusk og fanteri». I utmeldingsbrevet skuldar han partiet for å late att auga for ulovlege handlingar utført av eigne, sentrale medlemmar.

– Det er svært beklageleg at Åge har meld seg ut. Han har vore ein solid talsperson og representant for Frp i Sogn og Fjordane, seier Idar Kollsete i Sogndal Frp.

– Ville ikkje gjort det på den måten

Fleire lokallagsleiarar NRK har vore i kontakt synest utmeldinga til Åge Starheim er eit tap for partiet.

Ernst Veum

ÅRDAL FRP: Ernst Veum.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Det er veldig trist og leit, men på ei anna side forstår eg han ut ifrå det han har opplevd den seinare tida, seier Ernst Veum, gruppeleiar for Luster Frp

Geir Sandvik i Årdal Frp meiner utmelding ikkje var rette medisin.

– Eg må respektere hans val. Men eg ville ikkje gjort det på den måten. Viss ein er ueinig i ting er det betre å vere medlem og ta kampen internt.

Får ikkje støtte for «snusk og fanteri»

Ingen vil kalle økonomihandteringa «snusk og fanteri», slik Starheim gjer.

– Om ein skal kalle det «snusk og fanteri» eller andre ting, vil eg ikkje uttale meg så sterkt om. Men eg er heilt einig i at partiet burde vore styrt på ein annan måte når det gjeld økonomi, seier Ernst Veum.

– Etter rapporten å dømme er det ikkje snakk om noko ulovleg, berre at ein ikkje har følgd partiet sine retningsliner, seier gruppeleiar i Førde, Ove Henning Håkonsen.

Fleire lokallagsleiarar peikar på at situasjonen er skapt av det tidlegare fylkesstyret, og oppmodar det nye styret leiar Lars Svein Drabløs, om å gripe tak i situasjonen.

Trur det vil påverke valkampen

Medan partiet må handtere ein kritisk revisjonsrapport, utmeldingar og uro, går tida fort mot valkamp og val.

– Eg trur det er svært uheldig når det gjeld valet til fylkestinget, men lokalt har vi eigne saker og andre personar, seier Kollsete.

Marita Aarvik

SELJE FRP: Marita Aarvik.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Leiar i Selje, Marita Aarvik, meiner partiet har ein jobb å gjere.

– Slike ting kan ha ein effekt, men det blir vår jobb som lokalpolitikarar å konsentrere oss om kommunane våre og overtyde folk om at det vi jobbar med er bra.