Hopp til innhold

Frp-nestor melder seg ut i protest

Tidlegare stortingsrepresentant og æresmedlem i Framstegspartiet, Åge Starheim, melder seg ut av partiet i protest i kjølvatnet av ein kritisk revisjonsrapport.

Åge Starheim

SNUSK OG FANTERI: Åge Starheim melder seg ut av partiet på grunn av det han kallar snusk og fanteri.

Foto: NRK

Starheim representerte Sogn og Fjordane og Framstegspartiet på Stortinget i åtte år. Han har og fartstid som fylkesleiar i partiet. I 2013 vart han av partileiar Siv Jensen utnemd til æresmedlem i partiet han har lagt ned mykje av sitt politiske liv i. Men no har Starheim fått nok.

– Eg må opptre slik eg synest er riktig. For meg er dette snusk og fanteri, og eg vil ikkje vere medlem av eit parti som er basert på snusk og fanteri som har pågått i fleire år, seier Starheim.

Bølgene har gått høgt i Framstegspartiet den siste tida. Årsaka til uroa er ein revisjonsrapport med kritikk av økonomihandteringa i fylkespartiet. Ein rapport Starheim ikkje fekk tilgang til før nokon lak den til Dagbladet.

Partiveteranen frå Selje får følge av den tidlegare lokallagsleiaren i Vågsøy, Lars Kjølen, som også har meldt seg ut av partiet. Kjølen seier «snusk og fanteri» og nominasjonsprosessen i Vågsøy var avgjerande.

– Han har prøvd å bli kvitt meg

Frank Willy Djuvik

TIDLEGARE FYLKESLEIAR: Frank Willy Djuvik.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Frank Willy Djuvik, gruppeleiar i fylkestinget og nyleg avgått fylkesleiar, vedgår at ting kunne vore gjort annleis, men avviser at det har skjedd snusk.

– At Åge Starheim vel å melde seg ut med den grunngjevinga får vi berre ta til etterretning. Her er det heilt sikkert andre ting som ligg bak hans utmelding.

– Kva meiner du med det?

– Åge Starheim har prøvd å bli kvitt meg det siste halvåret. Når han ser at han feilar og har tatt feil i sine påstandar, har han bestemt seg for å melde seg ut av partiet. Når personar som berre er opptekne av å lage bråk vel å melde seg ut, er det antakelegvis til det betre, seier Djuvik.

– At eg i lang tid skal ha prøvd å råke Frank Willy? Kva har eg gjort politisk sidan eg kom frå Stortinget? Eg har vore fullstendig stille ikkje engasjert meg i politisk arbeid i det heile teke sidan eg slutta på Stortinget, seier Starheim når han avviser påstandane frå Djuvik.

– Ikkje noko snusk og fanteri

Ny fylkesleiar i Frp, Lars Svein Drabløs.

FYLKESLEIAR: Lars Svein Drabløs

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Fylkesleiar i Frp, Lars Svein Drabløs, seier det er trist at Starheim melder seg ut, men avviser påstandane om snusk.

– Vi fekk ein revisorrapport som kasta lys på kva som har skjedd med økonomien i Sogn og Fjordane Frp dei siste åra. Ting kunne vore gjort betre etter vedtektene våre. Men eg vil avkrefte på det sterkaste at det er noko snusk og fanteri her.