Nok ein gong stiller florøværingen som toppkandidat for det som no er blitt eit regjeringsparti.
SKAL I ELDEN: Fredag er det Framstegspartiet og Frank Willy Djuvik sin tur i partiutspørjinga i NRK Sogn og Fjordane.
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRKVi kjem til å plukke ut nokre få spørsmål frå publikum, og det er fleire måtar du kan kontakte oss i NRK på, dersom du har spørsmål til Frank Willy Djuvik.
Du kan bruke Facebook, Twitter eller Instagram
Bruk emneknaggane #nrksf, #nrkvalg og #nrkval
Send oss ein SMS med kodeord SF til 1987
Send oss ein epost til sf@nrk.no
Frank Willy Djuvik har vore ein aktiv del av opposisjonen i fylkestinget. Men kva er eigentleg hans løysingar på problema som fylket står framfor?
Regjeringa hans har bestemt at fylkeskommunen skal få betydeleg mindre pengar å rutte med. Kvar vil han kutte?
LEIER VALSENDINGA: NRK-journalist Erlend Blaalid Oldeide leier utspørjinga av Frank Willy Djuvik.
Foto: Arne Stubhaug / NRKI vinter storma det i Sogn og Fjordane Frp, og fleire markante tillitsvalde var kritiske til Djuvik, og leiarstilen hans. Korleis forventar han at vi som veljarar skal ha tillit til han, når hans eigne har vore så kritiske?
Flyktningar i kommunane, bompengar og fjorddeponi har vore nokre brennbare tema i fylket i det siste.
I studio er det Erlend Blaalid Oldeide som stiller spørsmåla. Utspørjinga kan du høyre på nettradio, NRK P1 og sjå her på nettsidene nrk.no/sf fredag frå klokka 16. – 16.30.