Jølstringen Asgeir Årdal går alle distansane og er ein av fire krinsløparar som startar på sprinten i dag. - Det første rennet i sesongen er alltid spanande, seier han.
BUL-sprinten
Den nasjonale langrennssesongen startar med den tradisjonsrike BUL-sprinten der det blir sprintdistanse på Gålå i dag, før løparane flyttar til Sjusjøen, der det er 15 kilometer klassisk distanserenn laurdag og 15 kilometer fri søndag.
Ikkje stort håp
Asgeir Årdal har stått fram som ein av dei beste lokale sprintaren dei siste sesongane, med tre krinsmeistertitlar og ein 37. plass i verdscupsprinten i Drammen. Men på sprinten i dag er ikkje håpet om finaleplass stort. - Eg trur det blir vanskeleg for det er skøyting i dag, seier han.
Aa Djupvik står over
Også Roger Aa Djupvik sesongdebuterar i BUL-sprinten i helga. Glopparen står over sprinten i dag, men stiller til start laurdag og søndag.