NRK Meny
Normal

Spelar bort dei tunge tankane

FØRDE (NRK): Hassan Nhele flykta frå eit krigsherja Syria med instrumentet på ryggen. No spelar han for å hjelpe seg sjølv gjennom dei tunge dagane.

Hassan Nhele

ARABISK: Hassan Nhele spelar det tradisjonelle instrumentet oud.

Foto: Martha Våge / NRK

– Musikken hjelper meg, seier Hassan Nhele.

Han kom til Vassenden i Jølster med sonen sin for åtte månadar sidan. Resten av familien er framleis i Syria.

– Det er vanskeleg å tenke på at dei er der enno. Eg håper dei kan kome hit og at vi kan starte eit nytt liv her, seier Nhele.

Musikk treng ingen ord

I år er temaet til Førdefestivalen «På flukt». Nhele håper musikken frå heimlandet hans vil treffe publikum i hjartet. Han er ein av artistane som skal spele på festivalen.

– Lidinga i landet mitt ligg i denne musikken. Eg trur publikum vil høyre det, fortel Nhele.

Nhele gler seg til å vise den arabiske musikken til eit norsk publikum.

– Musikken treng ingen ord. Alle vil kjenne musikken i seg, sjølv om vi snakkar forskjellige språk, seier Nhele.

Kan vere viktige møtestadar

Flyktninghjelpa meiner det er viktig at kulturlivet er frampå i samfunnsspørsmål, og at det positive fokuset er viktig.

– Det vert brukt mykje tid på å snakke om kostnadar og det negative ved at menneske har lagt ut på flukt og no kome til Noreg, og då er det enno viktigare å sjå på moglegheitene og det positive ved eit fleirkulturelt samfunn, seier Tuva Raanes Bogsnes i Flyktninghjelpa.

– Vi trur at festivalar som har dette som tema kan vere viktige møtestadar for folk, og at dei også kan virke forsonande element i ei tid kor vi treng det meir enn noko anna.

– Eg vil legge denne delen av livet mitt bak meg, og starte eit nytt liv her. Eg vil berre leve eit liv i fred med familien mi, seier Nhele.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast