Spektakulært lokalteater i havgapet

GROTLESANDEN (NRK): På ei hardfør sandstrand yst i Bremanger får publikum i helga ta del i dramatiske hendingar som skjedde nettopp her for fleire hundre år sidan.

Eit musikalsk vandreteater ute på vakre, men veirharde Grotlesanden har premiere i dag.

Teaterstykket «Der båra bryt» tek føre seg lokale segn og overtru. Ved hjelp av gamle kjelder har ein laga teater om historiene til folk som var overletne til naturkreftene for fleire hundre år sidan.

- Akkurat her stod det ei brud og venta på brudgommen, seier regissør av teaterstykket Torkil Sandsund.

Torkil Sandsund er regissør av stykket Der båra bryt

ARKIV: Torkil Sandund og dei andre bak stykket har tråla Fyklesarkivet sine kjelder, bygdebøker og anna for å finne inspirasjon til stykket.

Foto: Borgar Sagbakken

Framfor han ligg Grotlesanden bada i solsolskinn. Og det var ein vakker dag brura venta på sin kjære på stranda for fleire hundre år sidan. Men ein fallvind kom uventa og feia vekk båten med kjærasten i. Tilbake på stranda står ho med eit ufødd barn i magen.

Denne sanne og dramatiske historia er noko av bakteppet for stykket «Der båra bryt», som blir spelt på Grotlesanden no. Teaterstykket byggjer på gamle segn og overtru frå ei tid der menneska i det rå kystlandskapet var overletne til naturkreftene.

Havet gir og havet tek

- Kva gjer ein i den tida når det skal kome ein unge og ein ikkje har råd til å overleve, spør Sandsund.

Kulissane der stykket utspelar seg er spektakulære i seg sjølv, og når publikum sjølve blir ein del av stykket ved å vandre gjennom kulissane set det ein ekstra spiss på

Martin Nesbakk spelar ei av hovudrollene i stykket "Der båra bryt".

KJENSLER: Martine Nesbakk har sjølv mista nokon som har stått henne nær og har brukt desse kjenslene til å leve seg inn i rollefiguren Brite sin situasjon.

Foto: Borgar Sagbakken

stykket. Det har vore arbeidd med stykket i tre år, og det er mellom anna støtta av Norsk kulturråd og gjennom bulyst-midlar. For Martine Nesbakk, som spelar ei av hovudrollene, er det ekstra spesielt å spele stykket.

- Eg har ei tippoldemor som kom frå same plassen som hovudpersonen Brite, og dei har same namnet, så det er litt artig, seier ho.

Manuset er skrive i samarbeid med Maria Tryti Vennerød frå Sogndal og Førde, og kulturarbeidar og forfattar Fridtjof Urdal frå Sunnfjord. Korleis folk har levd av, med og på trass av havet i tidlegare tider er berande element i stykket.

- Det er forferdeleg trist, men sånn var og er livet og havet. Slik er det å bu på kysten, seier Nesbakk om historia og rolla si.

Prøvar på "Der båra bryt" ved Grotlesanden i Bremanger

KULISSAR: Vakrare omgjevnadar for eit vandreteater kan ein vel knapt finne.

Foto: Borgar Sagbakken
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.