Hopp til innhold

Sp-leiar kjenner seg ikkje att i Ap-kritikken

Senterpartiet stiller seg undrande over kritikken dei fekk frå fylkesleiaren i Arbeidarpartiet. – Vi bør heller skipe felles front mot Oslo, meiner nyvald Sp-leiar Sigurd Reksnes.

Sigurd Erlend Reksnes vald til ny fylkesleiar i Sp

KJENNER SEG IKKJE ATT: Fredag kveld vart Sigurd Reksnes ny fylkesleiar i Sp, eit halvt døgn etterpå retta Ap skytsa mot partiet og skulda dei for å vere lite framtidsretta og eit nei-parti.

– Eg må seie eg er skuffa og overraska over karakteristikkane, seier nyvald fylkesleiar i Senterpartiet, Sigurd Reksnes.

Begge dei raud-grøne partia heldt sine fylkesårsmøte denne helga. I Balestrand fekk Senterpartileiinga beskjed frå sine eigne om å spisse nei-argumenta i kommunesamanslåingsdebatten. Og medan Sp-delegatane der gjorde seg klare for siste innspurt på møtet, retta Arbeidarpartileiaren skytsa mot dei frå talarstolen i Førde.

– Senterpartiet er eit nei-parti til alt. På mi vakt skal ikkje Arbeidarpartiet vere eit nei-parti. Vi skal vere framtidsretta og endringsvillege, sa fylkesleiar Hilmar Høl til dei nær 150 frammøtte delegatane.

Også fleire sentrale Ap-politikarar som NRK snakka med i løpet av fylkesårsmøtet sa seg samde i kritikken frå Høl.

Hilmar Høl på talarstolen under fylkesårsmøtet i Førde.

KRITIKK: Då fylkesleiar Hilmar Høl heldt si opningstale til fylkesårsmøtet i partiet var det samarbeidspartar Senterpartiet som fekk gjennomgå.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

– Å setje seg på sidelinja og seie at alt skal vere som det har vore, er jo ikkje framtidsretta. Eg opplever at Senterpartiet i større grad er der, sa fylkesvaraordførar og gruppeleiar for Ap på fylkestinget, Åshild Kjelsnes.

– Må stå samla

Dei to partia har i ei årrekkje samarbeidd på fylkesnivå, og nøkkelen til fylkesordførarkontoret har dei to innbyrdes bytta på. At glansbiletet er i ferd med å slå sprekkar avviser Reksnes.

– Eg syns det går fint å samarbeide med Hilmar Høl, Åshild Kjelsnes og resten av partiet. Vi snakkar godt i lag og vil halde fram med det etter dette også, påpeikar han.

Han er samstundes klar på at partia er usamde i nokre saker, men ser på det som ei av sine viktigaste oppgåver framover å samle det politiske miljøet i fylket til felles front i konkrete saker.

– Det hjelp ikkje for Ap i Sogn og Fjordane å flytte skuld over på Senterpartiet i frustrasjon over gjeldande politiske situasjon. Ap og Sp burde foreine kreftene mot sentraliseringsprosjekta til regjeringa, seier fylkestingsmedlem Erlend Herstad i Sp

Reksnes peikar på Nasjonal transportplan og prioritering av riksveg 52 over Hemsedalsfjellet som saker partia no må samle seg om.

– Eg trur folk er opptekne av kva løysingar vi har for fylket og kva saker vi vil jobbe med.