Høgskulelektor Inger Johanne Solheim har gjennomført den første brukarundersøkinga, og er overraska over det som kom fram.
- Eg er overraska over at skamkjensla er så sterk. Mange opplever er at sosialkontoret er ein instans for dei som ikkje er verdige, og dei får ei sterk kjensle av ikkje å strekkje, seier ho.
Unge brukarar slit
I undersøkinga har høgskulelektoren intervjua dei som er faste brukarar av sosialkontora i Sogn og Fjordane. Og i undersøkinga kjem det fram at det er spesielt unge brukarar som opplever problem.
- Dei kan vere vanskelegare å hjelpe fordi dei ofte treng hjelp av eit samordna hjelpeapparat, og det er ikkje alltid like lett å få til, seier ho.
Undersøkinga viser også at svært mange kvinner opplev store problem i etterkant av besøket på sosialkontoret.
- Har mykje å gå på
På kommunehuset i Førde sit kommunalsjef Asbjørn Fjose. Førde er ein av kommunane som no vil sette fokus på dei tenestene dei leverer til brukarane av sosialkontoret. Han vedgår at dei og mange andre kommunar har mykje å gå på.
- Vi ser at vi har eit forbetringspotensiale når det gjeld informasjon, seier han.
I desse dagar er dei i ferd med å avslutte si eiga brukarundersøking. - Å evaluere seg sjølv er viktig, meiner Fjose.
Tettare oppfølging
Og høgskulelektoren har i alle fall fleire konkrete forslag til kva mange kommunar kan bli betre på.
- Å bli betre på endå tettare oppfølging av dei unge klientane, meiner ho.