Hopp til innhold

Sommar-Noreg er nesten utseld

Skal du på tur til eit av dei meir kjende reisemåla våre i sommar, er du slett ikkje garantert å få ein plass å bu.

Jan Visser og Alie Wigarda frå Nederland på norgesbesøk

KOM FOR NATUREN: Jan Visser (56) og Alie Wigarda (56) frå Nederland skulle eigentleg til Frankrike i sommar, men ombestemte seg i siste liten.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Det var bra i fjor og, men i år er det heilt ekstremt. Juli var nesten fullbooka før vi kom til mai, seier Tore Karlsen hos Jølstraholmen Camping på Vassenden i Sunnfjord.

Tore Karlsen og Kristine Hjelmbrekke.

SMILER BREITT: Tore Karlsen og Kristine Hjelmbrekke har aldri opplevd liknande sesongopning.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Saman med sambuar Kristine Hjelmbrekke driv han ein av dei største campingplassane i Sogn og Fjordane, midt i hjartet av det mest spektakulære landskapet Noreg kan by turistane.

Dei har 19 hytter. Dei fire siste skal stå ferdige om fjorten dagar.

– Dei er fullbooka heile sommaren. Spesielt utlendingane bestiller tidleg. Vi har alt fått mange bestillingar for neste år og, seier Hjelmbrekke og Karlsen.

Pilene peikar oppover

I 2017 var det samla registrert nær ti millionar utanlandske gjestedøgn i Noreg. Berre i juni fjor melde overnattingsverksemdene om i underkant av 4 millionar overnattingar. I år det fleire som opplever at sommaren er fullbooka allereie. NHO Reiseliv stadfestar også at trenden er den same over heile landet.

Elisabeth Dreyer

FULLE HOTELL I JULI: Elisabeth Dreyer er dagleg leiar i Visit Lofoten.

Foto: Destinasjon Lofoten

– Utan å ha tal, så har eg inntrykk av bussturistane både kjem tidlegare og at det er fleire av dei i år, seier Elisabeth Dreyer, som er dagleg leiar i Visit Lofoten.

I juli er alle hotella i Lofoten smekkfulle, og det har dei vore dei siste åra.

Det er også mange turistar som lar seg friste til byferie i Noreg.

– For mange startar eller sluttar ferien i Noreg i hovudstaden, seier Christian Lunde, som er adm. dir i Visit Oslo.

Dei seinare åra har det vore satsa tungt på å marknadsføre det Oslo har å by på av blant anna kunst og kultur i utlandet. I tillegg har fleire flyselskap oppretta direkteruter til Gardermoen. I hovudstaden melder serveringsstadane i år om ein fantastisk vekst og yrande folkeliv.

Christian Lunde, adm. dir Visit Oslo

STARTAR FERIEN I OSLO: Christian Lunde er adm. dir i Visit Oslo.

Foto: VisitOSLO/Fotograf Sturlason

– Når eg snakkar med næringa så er det fleire som melder at dei har tangert 17. mai-omsetninga fleire gonger i løpet av mai og juni, seier Lunde.

For destinasjonsselskapet på Vestlandet går det i alle fall mot ny rekord.

– Alt tyder på at vi går inn i nok ein god sesong for turistnæringa på Vestlandet. Prognosane mine gjer rekning med ein vekst på fire-fem prosent som gjer at vi for sjette året på rad leverer den beste turistsesongen nokosinne, seier Kristian Jørgensen som er Administrerande direktør i Fjord Noreg.

– Fullt på dei mest populære reisemåla

I fjordområda i Hardanger og Sogn risikerer du alt no å vere for seint ut om du jaktar på tak over hovudet i sommar. Både hotell, campingplassar og andre bedrifter som leiger ut til turistar melder om det same.

– I enkelte område er det heilt fullt. Men utanfor dei største ikonområda våre er det framleis tilgjengeleg overnattingskapasitet, seier Jørgensen.

Nettet får æra

På Vestlandet meiner meiner Jørgensen, Hjembrekke og Karlsen at den sterke auken i talet på utanlandske turistar skuldast sosiale medium og internett. Turistane deler flotte bilete frå turane sine, og slik lokkar dei fleire til å oppsøke reisemåla. Samstundes er det blitt mykje enklare å bestille opplevingar og opphald på nettet.

– Vi ser resultatet av god marknadsføring gjennom fleire år. Det er og blitt lettare å kjøpe turar og opplevingar på nettet. Og sist, men ikkje minst, så er krona framleis veldig svak, forklarar Jørgensen.

Naturen lokka dei tilbake

Jan Visser (56) og Alie Wigarda (56) frå Nederland.

HAR MED CAMPINGVOGN: Jan Visser og Alie Wigarda har med campingvogna si frå Nederland.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Naturen, svarar Jan Vissen og Alie Wigarda på kvifor dei la campingferien til Noreg.

I natt søv dei på Byrkjelo camping. Jan er i Noreg for femte gong, Alie for andre gong. Dei har mellom anna vore til Notodden og Bergen, før dei kom til Byrkjelo. Sidan dei har med seg sitt eige tak over hovudet, har dei ikkje opplevd å ikkje finne plass å sove om natta.

– Men det kan vere vanskelegare i juli og august, seier dei.