Hopp til innhold

Solvik-Olsen si vegring skapar uro i transportbransjen

I transportbransjen vekkjer det sterke reaksjonar at samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) ikkje vil svara på om han utset avgjerda om ny aust-vest-stamveg.

Magne Ahlin i Slinde Transport.

VENTAR PÅ VEGAVGJERD: Transportør Magne Ahlin i Lærdal likar ikkje at avgjerda om aust-vest-stamveg kan blir utsett.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Eg vart overraska, og ikkje berre litt heller, seier Magne Ahlin.

Ahlin som driv transportselskap på Håbakken i Lærdal skal i dag til Gol, der det skal vere folkemøte om kva som skal vere stamvegtrasé mellom Aust og Vestlandet. Der skal også samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) vere til stades. Akkurat det gjorde at Ahlin i utgangspunktet var svært optimistisk med omsyn til møtet i dag.

– Eg trudde at i dag skulle vi på vestsida av fjellet få ei gladnyheit, at vi skulle få beskjed om at riksveg 52 over Hemsedalsfjellet var valt som den nordlege hovudvegen mellom aust og vest, seier Ahlin.

Kan bli utsett

Magne Ahlin

VIL HA SVAR: Magne Ahlin driv transportselskap på Håbakken i Lærdal.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Det som får Ahlin til å reagere er at samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) ikkje vil svara på om han utset avgjerda om ny aust-vest-stamveg Blir det utfallet, kan statsråden venta seg storm frå vest.

Fylkesordførar Jenny Følling og styreleiar i interesseselskapet Hardangerviddatunnelene Anved Johan Tveit kjempar for kvar sin stamvegtrasé mellom Aust- og Vestlandet. Men begge er samde om éin ting: Avgjerda om den nordlege hovudvegen mellom Aust- og Vestlandet – riksveg 52 over Hemsedalsfjellet eller riksveg 7 over Hardangervidda – må ikkje utsetjast.

Øst-vest traseer kart

KLAR TILRÅDING: Ein regjerings-bestilt kvalitetssikringsrapport vil heller ha riksveg 52 enn riksveg 7 som den nordlege hovudvegen mellom Aust- og Vestlandet. Regjeringa har allereie bestemt at E134 skal vera den sørlege aust-vest-stamvegen.

Foto: NRK/Google Maps

Skadeleg for næringslivet

Ahlin seier dei har store planar for utvida satsing i Lærdal, men at det står på vent i påvente av det endelege valet av stamvegtrasé.

– Vi sit klare med planar for ekspansjon i Lærdal, men det ventar vi med til vi får den endelege avgjerda. Så eg er svært spent på kva Solvik-Olsen har å fortelje oss, seier Ahlin.

– Kva vil det få så seie for deg om han bestemmer seg for å utsette avgjerda?

– Det betyr at vi må sette planane våre på vent. Vi kan ikkje ta store investeringar i Lærdal utan å vite kva som vert den nordlege hovudvegen mellom aust og vest, seier Ahlin.