Hopp til innhold

Familien lokka sjåarar

Heile 651.000 personar valde å følgje nypremieren på Der ingen skulle tru at nokon kunne bu søndag kveld.

Trude Søilen og familien

POPULÆRT: Familien Ryland / Søilen på Tangenes i Solund var hovudpersonane i den første nye episoden av Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Programmet plasserte seg dermed på niande plass av dei mest sette TV-programma i Norge førre veke, tett bak mellom anna Farmen, Beat for beat og Senkveld.

For programskaparane Arve Uglum og Torje Bjellaas var det stas å sjå TV-statistikken som kom måndag.

– Eg er veldig glad. Det er hard konkurranse på søndagskvelden og vi har teke ein marknadsdel på 36 prosent, det må vi vere svært nøgde med, seier Arve Uglum.

Programmet frå Solund sist søndag var det første med ny programleiar og ny fotograf, og det blir i alt seks nye program no i haust.

– Når vi no opplever alle tilbakemeldingane vi får, så forstår vi jo at dette er noko langt større enn det vi har jobba med før, seier Uglum.

Arve Uglum ny programleiar for Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

GODT NØGD: Arve Uglum.

Foto: Christian Blom / NRK

Publikum kunne kjenne seg att i mykje av måten han og kollega Torje har jobba fram dei nye episodane. Mykje av måten TV-legenda Oddgeir Bruaset har jobba på finn ein att, men samstundes vil Arve og Torje setje sitt eige avtrykk på serien.

– Det er eit stort ansvar å vidareføre dette, dette er noko folk kjenner. Det har vore veldig flinke folk som har jobba med dette tidlegare. Men vi vel litt på øvste hylle når det gjeld å finne spennande plassar, slår Torje Bjellaas fast.

Dei ti mest sette programma:

1. Nytt på nytt NRK1, 1060.000 sjåarar

2. Stjernekamp NRK1, 849.000

3. Skavlan, NRK1, 783.000

4. Farmen TV2, 741.000 (25.10)

5. Side om side, NRK1, 734.000

6. Farmen TV2, 705.000 (19.10)

7. Beat for beat, NRK1, 681.000

8. Senkveld, TV2, 672.000

9. Der ingen skulle tru, NRK1, 651.000

10. Farmen, TV2, 624.000 (21.10)