Hopp til innhold

Solheim klar for junior-VM

For første gong på over 20 år er ein alpinist frå Sogn og Fjordane teken ut til eit verdsmeisterskap. Åge Solheim frå Eid gler seg over VM-billetten.

Åge Solheim i storslalåm

GLER SEG: Meisterskapen i Åre er for aldersklassane 1996 til 2000. Dermed er det siste sjanse for medalje i eit junior-VM for 20-åringen Åge Solheim.

Foto: Privat

– Dette blir først og fremst ei kul oppleving. Eg føler eg er i god form om dagen. Difor har eg store forhåpningar om å gjere det bra, seier han.

Det er første gong den talentfulle alpinisten frå Eid har kvalifisert seg til junior-VM. No gler han seg til meisterskapen som blir arrangert i svenske Åre frå 6.–14. mars.

– Det er ein fin bakke, og eg har positiv erfaring frå tidlegare renn i Åre. Under junior-VM er målet å køyre bra på ski og få til to gode omgangar i både slalåm og storslalåm. Eg fokuserer mest på det tekniske og køyringa, så kjem resultata til slutt.

– Ei fantastisk utvikling

Atle Hamar

IMPONERT: Leiar Atle Hamar i alpinkomiteen seier Åge Solheim har hatt ei enorm utvikling.

Foto: Rune Fossum / NRK

20-åringen er ein av 16 norske alpinstar som har fått plass i den norske troppen. Leiar Atle Hamar i alpinkomiteen i Sogn og Fjordane skikrins seier dette er ein enorm prestasjon av eidaren.

– Eg har kjend han sidan han var 9–10 år Han har hatt ei fantastisk utvikling og vist at han nærmar seg topp internasjonalt nivå.

Det er første gong på over 20 år at ein alpinist frå Sogn og Fjordane deltek i eit verdsmeisterskap. Førre gong var i 1996 då Marianne Kjørstad frå Eid deltok i VM i Sierra Nevada der ho tok bronsemedalje i kombinasjonen.

– Det at Åge Solheim blir tatt ut til junior-VM bør vere til stor motivasjon for dei unge lovande alpinistane vi har i dag i yngre klassar.

Åge Solheim pakkar saman utstyret

I DEN NORSKE TROPPEN: Åge Solheim frå Eid er ein av 16 som er teken ut i den norske troppen som skal til junior-VM.

Foto: Rune Fossum / NRK

Bra sesong

Åge Solheim har så langt hatt ein god sesong. I helga tok han sine første poeng i europacupen i Tyskland, og han har vunne fem FIS-renn denne sesongen. I tillegg har han tatt sju pallplassar.

– Korleis blir nivået i junior-VM samanlikna med det du har gjort tidlegare i år?

– Eg har nettopp køyrt europacuprenn der eg hamna på topp 30 og tok poeng, så det er ein bra målestokk. Eg føler forma er fin og gler meg, seier Solheim.

Eidaren er i desse dagar i Austerrike der han skal køyre renn.

– Etter det har eg nokre dagar fri før eg skal på ein treningsleir på Kvitfjell for oss som skal til junior-VM.