Hopp til innhold

Sola skin på Norsun etter år med mørke skyer

ÅRDAL (NRK): Gode tider i solcellebransjen gjer at Norsun går for fullt. Etter år med nedbemanning og raude tal, går dei no mot lysare tider.

Solen skinner igjen på solcelleindustrien i Årdal.
Etter år med nedbemanning og røde tall, går det nå mot lysere tider.

Tusenvis av deler til solcellepanel rullar ut av maskinane til Norsun kvar dag. Aldri før har dei produsert så mykje som no.

– Vi køyrer med full bemanning og full kapasitet. Det er tydeleg at marknaden vil ha produktet vårt. Vi jobbar knallhardt for å gi dei det dei ønskjer, seier Alf Einar Karlsen som er produksjonssjef i Norsun.

Verden ønsker solkraft

Han viser stolt fram den nye produksjonslinja som blei sett i gang i førre veke. Dei lagar det som blir kalla wafers, tynne silisiumbrikker som er ein av hovuddelane i solcellepanel. For etterspurnaden i verda etter å temme energien til sola, er det siste året nesten blitt umetteleg.

Ny robot

Med den nye linja og full peis på resten, klarer dei no å produsere 1,7 millionar av brikkene. Nesten dobbelt så mykje som for berre eit år sidan.

– Vi ser veldig positivt på framtida. Dersom du går gjennom produksjonen no, så er det betydeleg lettare tone mellom dei som jobbar her. For Årdal er det veldig bra at vi no kan gi ei gledeleg nyheit frå Norsun.

Mørke skyer over bedrifta

Men lenge såg det mørkt ut for fabrikken. Det som hadde vore ein veksande industri, kollapsa i 2012 og prisane raste på solceller. Overproduksjon på den kinesiske marknaden var ei av årsakene.

Søsterselskapet REC la ned all produksjon i Norge. Norsun klarte å fortsette, men tapte milliardar.

– Det var ei mørk tid for oss tilsette. Vi har ofra veldig mykje for å komme dit vi er i dag, seier hovudtillitsvald Øystein Ullebø Sandnes.

Dei tilsette måtte gjennom både permitteringar og kutt i lønn. Takka vere dugnadsand, satsing på høgteknologi og igjen stigande prisar, gjer at fabrikken no går godt.

– Det blei lagt ned mykje hardt arbeid i den perioden fram til no. Det ser vi resultatet av i dag.

Lys framtid

Administrerande direktør Bjørn-Olav Brelin ser ut over dei 70 smelteomnane. Alle går for fullt. For første gang på fleire år kan han sjå lyst på framtida og svarte tall i rekneskapen. Om dei gode prisane held fram, kan det vere fabrikken må utvide.

Vi må først begynne å levere gode resultat med den kapasiteten vi har i dag. Når vi har klart det, er utbygging av fabrikken noko vi må sjå på.