Hopp til innhold

233 tilsette varsla om permittering

Alle 233 tilsette ved solcellefabrikken Norsun har fått permitteringsvarsel. Mykje er enno usikkert, men direktøren seier det på sikt vil bli langt færre tilsette ved fabrikken.

Norsun på Årdalstangen

PERMITTERER: Norsun har sendt ut permitteringsvarsel til samtlege av sine 233 tilsette. Det er førebels uvisst kor mange som vil bli permitterte.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Tillitsvald og styremedlem i Norsun, Hilde Larsen, stadfestar at alle tilsette fekk eit generelt varsel denne veka.

Årsaka skal vere manglande godkjenning på eit waferprodukt. I tillegg har fabrikken varsla generell nedbemanning i arbeidsstokken på grunn av konkurransesituasjonen.

– Det er sjølvsagt fortvilande for dei tilsette. Vi har hatt fleire rundar med permitteringar, og no er vi igjen i ein situasjon der vi må til med permitteringar. Kor lenge og kor mange er uvisst, men det er klart at dette får mykje å seie for den enkelte, seier Larsen.

Uvisst kor mange

– Vi har ei kvalifisering som ikkje har gått i orden, og som vi må avvente ei ny kvalifiseringsrunde på det produktet. Det er uvisst kor lang tid det kan ta, held Larsen fram.

Sjølv om alle ved fabrikken har fått permitteringsvarselet, er det waferområdet som blir direkte råka av permitteringa.

Her jobbar det 60–70 personar.

Drift på eit minimum

I tillegg vil resten av fabrikken måtte gå med redusert kapasitet framover for å halde kostnadene på eit minimum.

– Det er i all hovudsak waferområdet som blir direkte råka, men så må nokre fleire bli tekne ut for å halde kostnadene på eit minimum til kvalifiseringa er på plass. Det vil gå på ansiennitet, kompetanse og slike ting, seier Larsen.

– Når vi har funne ut kven som skal ut i permittering, så vil desse få eit nytt permitteringsvarsel som seier meir om tidsperspektivet, legg ho til.

Vil jobbe færre ved fabrikken i tida framover

Administrerande direktør Bjørn-Olav Brelin i Norsun vedgår overfor NRK at selskapet går ei tøff tid i møte. Han kan likevel ikkje seie noko sikkert om kor mange som faktisk kjem til å stå utan jobb.

– Som ei praktisk løysing har vi send permitteringsvarsel til alle tilsette, men det er ikkje dermed sagt at alle blir permitterte, seier Brelin.

– Kven som blir permittert vil kome etter samtaler med organisasjonane i løpet av den næraste veka.

Den manglande godkjenninga av produktet er ikkje det største problemet for selskapet, seier han og trur at dette vil løyse seg etter kvart. Men dei generelle utsiktene for alle i solcellebransjen er ikkje særleg gode fortel direktøren.

– Det er ingen tvil om at for alle aktørar i solbransjen så er det veldig urolege tider. Særleg den siste tida har vi sett at prisane og etterspurnaden på marknaden har falle meir enn vi hadde trudd den skulle, seier Brelin til NRK.no.

Brelin seier selskapet no må gå nøye gjennom kostnadene ved drifta og at dette er ein prosess dei gjer parallelt med den kortsiktige permitteringa.

– Det er ikkje nokon tvil om at det dessverre vil føre til at vi også på sikt må ta ned bemanninga ganske betydeleg i selskapet.

Uroa ordførar

Ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) seier han er kjend med situasjonen og vedgår at han er uroa over situasjonen. Samstundes trur han også at det vil snu.

– Historia viser at det vil snu og då snur det fort. Så det er om å gjere å halde ut nedgangstida. Vi må stålsette oss, brette opp ermane og komme seg ut av det sjølv om det gjeld Europa og finanskrise. Eg trur vi skal klare det, seier han.

Stadfesta nedbemanning

Til Sogn Avis sa Brelin at kutta kjem på grunn av fallande prisar. I tillegg har fabrikken venta på ei kvalifisering på eit waferprodukt – ein modul som leiar straum til solcellepanelet.

– Eg ventar at vi kjem til å måtte nedbemanne for å imøtekomme det neste året som blir eit krevjande år, stadfesta Brelin til avisa.

– Slik det er i dag er det ein ubalanse i marknaden. Det er kraftige nedgangar, og skal vi møte dagens prisar med produktet vårt må vi gjere nokre grep, for vi skal framleis vera konkurransedyktige, la han til.

Ny nedtur for Årdal

For Årdal som industrikommune er dette dårleg nytt. Norsun gjekk i fjor med kring 700 millionar kroner i underskot og hadde i starten av 2012 kring 250 tilsette. I juli fekk kring 70 tilsette permitteringsvarsel.

I tillegg har Dooria måtte stengje dørene, og Hydro kutta kring 400 arbeidsplassar siste åra.

For å unngå langvarig permitteringar ved Norsun må waferproduktet godkjennast.

– Dei tilsette er fortvila, og situasjonen generelt i Årdal har vore negativ. Det er klart det er ein belastning. No må vi må inn i ei ny runde med kvalifisering, og all kvalifisering tek tid. Men kor lang tid er uvisst, seier Larsen.

– Har framleis trua

Sjølv om Norsun slit tungt for tida, er dei tilsette optimistar om at ting vil snu for fabrikken som opna dørene i 2008.

– Vi har tru på arbeidsplassen, heilt klart. Det er ein marknad og vi ser at vi kan klare å vere i den marknaden både på kostnader og alt. Men sjølvsagt, det er knalltøft. Vi har teke eit steg tilbake, men det er berre å kjempe seg opp att der vi skal vere. Vi håpar og trur at vi kan klare dette, avsluttar Larsen.