Hopp til innhold

Sogning vann spelemannspris

Ein strålande nøgd Einar Loftesnes fekk laurdag kveld spellemannsprisen for beste musikkvideo.

Eivind Tolås og Einar Loftesnes

FEKK PRIS: Regissør Eivind Tolås og produsent Einar Loftesnes med den gjeve prisen.

Foto: Lars Løge

– No har eg nettopp vakna med prisen mellom meg og regissøren. Det var utruleg moro å vinne, ler Einar Loftesnes frå Sogndal.

Filmskapar frå Sogndal var nominert til Spellemannspris fordi han er produsent for musikkvideoen «Begravelsespolka» til gruppa Kaizers Orchestra. Laurdag kveld blei videoen kåra til den beste.

– Dette er ei stor ære og betyr veldig mykje for meg, seier han.

Sat i salen

Det var regissør Eivind Tolås som fekk æra av ta imot prisen på scena saman med Kaizers. Men prisen er like mykje sogningen sin.

– Eg var mednominert saman med Eivind og sat i salen då prisen blei delt ut. Men dette er eit teamwork og begge har fått den. Også alle dei andre i teamet har æra for denne prisen, seier han.

Fotograf Stig Indrebø frå Førde var ein av dei som var involvert i musikkvideoproduksjonen.

Har fått gode tilbakemeldingar

Det blei Stavanger-bandet Kaizers Orchestra sin kveld på heimebane under årets spellemann-fest. Dei blei kåra til «Årets Spellemenn» og i tillegg fekk dei altså prisen for årets beste musikkvideo med «Begravelsespolka».

Filmprodusent Loftesnes seier musikkvideoen oppsummerer Kaizers-universet som bandet har halde på med i 12 år. Han seier dei har fått gode tilbakemeldingar på den sju minutt lange musikkvideoen.

– Den er meir som ein film og folk seier den er kjempebra. Det ligg eit skikkeleg handverk bak denne musikkvideoen.

Produsenten legg til rette

Jobben som produsent betyr at han legg til rette for den visjonen regissøren har. I tillegg har han ansvar for budsjettet og å finne location slik at det blir best mogleg forhold for det visuelle.

Loftesnes har travle dagar og held på med innspelinga av Villmark 2 og det er ikkje lenge sidan musikkvideoen til gruppa Vreid blei sleppt. Han jobbar også med to-tre andre prosjekt.

Men akkurat no i dag er dilemmaet kva peishylle prisen skal stå på i tida framover.

– Men den endar nok opp hos Flimmer film som er produksjonsselskapet, trur Loftesnes.