Hopp til innhold

Sogndal vurderte 20 trenarar

Då dei starta prosessen med å tilsetje ny trenar, hadde Sogndal heile 20 kandidatar på blokka. I finaleheatet var Bård Borgersen, Joel Cedergren og Jonas Olsson.

Jonas Olsson

PÅ FOSSHAUGANE: Jonas Olsson (i midten) vart tysdag presentert som ny Sogndal-trenar på ein pressekonferanse på Fosshaugane. Her saman med styreleiar Tor Arne Ness og dagleg leiar Egil B. Mundal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Då valet fall på Olsson, var det fordi han er best kvalifisert til å trene eit tippeligalag, seier sportssjef Trond Fylling i Sogndal.

Sette pris på stor interesse

Overfor avisa Firda stadfestar Fylling at Sogndal jobba med heile 20 namn i starten av prosessen, og at Bård Borgersen i Start og tidlegare Sogndal-spelar Joel Cedergren var dei heitaste kandidatane saman med svenske Jonas Olsson.

Tysdag vart Olsson presentert som ny trenar i klubben under ein pressekonferanse på Fosshaugane campus.

– Vi har hatt ein god prosess, og det har vore stor interesse – og det er kjekt, seier styreleiar Tor Arne Ness i Sogndal Fotball til NRK.no.

Har godt inntrykk av Sogndal

41 år gamle Jonas Olsson la opp som spelar på toppnivå på grunn av skadeproblem, men etter ein trenarjobb i 2. divisjonsklubben Trollhättan var han tilbake i Allsvenskan som trenar i IFK Gøteborg.

– Eg har fått eit veldig godt inntrykk av Sogndal, både laget og bygda. Eg likar det eg har sett så langt, og eg likar måten klubben jobbar på, seier Olsson til NRK.no.