Sogndal-trenar sluttar på dagen

Sogndal Fotball sin nye assistenttrenar, Ian McParland, sluttar i jobben etter berre tre månader.

Ian McParland

REISER HEIM: Skotske Ian McParland forlèt Sogndal Fotball berre veker før seriestart.

Foto: Rune Fossum / NRK

Skotske McParland, som kom til Sogndal med fortid som både spelar og trenar i engelsk toppfotball, har bestemt seg for å flytte heim til England.

Flo: – Ugunstig tidspunkt

Ifølgje Sogndal Fotball er det totalsituasjonen som gjer at skotten gjer vendereis. Klubben la måndag ettermiddag ut ei pressemelding om at samarbeidet er avslutta.

Håvard Flo

MÅ FINNE NY TRENAR: Berre veker før seriestart må sportsleg leiar finne ny assistenttrenar til 1. divisjonsklubben. – Det kom bardus på, vedgår Flo.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Ian kalla oss inn til eit møte i forgårs, der han informerte oss om at han ville gi seg som assistent i Sogndal. Det kom sjølvsagt litt bardus på oss. Det er litt kjedeleg og ikkje minst ugunstig i høve til tidspunktet. Det var litt overraskande for oss, seier sportsleg leiar Håvard Flo til NRK.

Assistenttrenaren med fortid i mellom anna i Nottingham Forest hadde ein toårsavtale med Sogndal. Han skulle stå for det sportslege løftet i hovudtrenar Eirik Bakke sitt nye Sogndal. Ikkje minst skulle han sikre at klubben oppfylte dei naudsynte krava til formell trenarutdanning, ei utdanning Bakke ikkje er ferdig med.

Saknar familien

Men saknet av familien vart for tungt, og Sogndal Fotball har akseptert at McParland ønskjer å reise attende til England.

– Ian seier det er ei totalvurdering. Han har tenkt på dette i to-tre veker sidan vi kom att frå La Manga. Han kjende seg sikker på at han tok den rette avgjerda. Han framheva at han har familien med son og kone heime i England. Det har han følt veldig på kroppen, fortel Flo.

Han ser ikkje bort frå at overgangen frå britisk toppfotball til det meir uglamorøse livet i norsk førstedivisjon vart hard.

– Det var nok ei aha-oppleving å komme til Sogndal. Vi er ikkje akkurat verdas navle, det har nok også vore ein del av bakgrunnen for avgjerda, trur Flo.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Ian McParland

SKULLE LØFTE SOGNDAL: Ian McParland vart henta over til Norge for å gi Sogndal ein offensiv, engelsk spelestil. No dreg han heim før laget har spelt ein einaste seriekamp.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ønskjer Sogndal lykke til

McParland sjølv ønskjer klubben lykke til på Sogndal si nettside.

– Eg har fått gleda av å oppleve norsk fotball og Sogndal på ein fin måte og har gjennom desse tremånadane fått gode relasjonar til folk både i klubben og i bygda. Det er med eit tungt hjarte eg no vel å reise tilbake til England, men denne avgjerda er vel gjennomtenkt og eg ynskjer alle lykke til med sesongen 2015, seier McParland til klubben si nettside.

Sportsleg leiar Håvard Flo får i oppgåve å hente ny assistenttrenar til klubben.

Trenarbakgrunn frå England

53-åringen har bak seg 118 kampar som manager i Notts County og mellombels manager i Nottingham Forest og Ipswich Town. I tillegg var han assistentmanager i Swindon Town.

McParland har også ein lang karriere spelar på ulike nivå i England, Skottland og i Hongkong. Som spiss vart det 320 kampar og 88 mål, hovudsakleg for Notts County.

Då han kom til Sogndal i januar, var det ein entusiastisk Ian McParland som møtte NRK.

– Eg fekk gode vibbar av Eirik og heile fotballklubben. Det var i det heile ganske forfriskande. Det var hyggelege folk. I England er det vanskeleg å finne hyggelege folk innan fotballen om dagen, så eg tenkte meg og sa "Ja, eg går for det!", sa assistenttrenaren i januar.

Har starta jakta

No må Sogndal sin sportslege leiar finne ny assistenttrenar, berre veker før seriestart i 1. divisjon.

– Vi må få fordøye situasjonen litt nokre dagar, men vi er alt begynt å sondere terrenget for å rekruttere ein erstattar. Å finne ein som Ian McParland blir ekstremt vanskeleg for oss, men at det finst personar som kan passe oss der ute, er eg trygg på. Det blir ikkje lett, men vi jobbar knallhardt for å tette tomrommet, seier Flo.

– Ligg det noko form for konflikt bak at McParland sluttar så brått?

– Nei. Det har vore totalt fråverande. Det har vi ingen signal på. Det er derfor eg seier at det kom så bardus på.

Sogndal møter Bærum heime i seriestarten 2. påskedag, måndag 6. april.

McParland sin managerstatistikk

Lag

Nivå

Frå

Til

Kampar

Sigrar

Uavgjort

Tap

Nottingham Forest

League 1

17.02.2006

30.05.2006

13

8

4

1

Notts County

League 2

18.10.2007

12.10.2009

103

28

31

44

Ipswich Town

Championship

07.01.2011

12.01.2011

2

1

0

1

NRK oppdaterer saka.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.