Hopp til innhold

Sogndal til topps etter Lyn-konkurs

Sogndal ligg an til klatre til topps i 1. divisjon etter at Lyn slo seg sjølv konkurs. - Trist, seier dagleg leiar Egil Mundal.

Isak Scheel

Isak Scheel og dei andre Sogndalspelarane kan tene på Lynkonkursen. Nokre av Sogndal fotball sine argaste konkurrentar i 1. divisjon mister poeng når Lyn forsvinn frå divisjonen.

Foto: Rune Fossum

Fotballklubben Lyn har onsdag slått seg sjølv konkurs, og på lagets eigne heimesider melder dei at laget ikkje greier å fullføre sesongen.

Arge konkurrentar mister poeng

At Lyn ikkje klarar å fullføre sesongen i 1. divisjon betyr at laga som har vunne mot Oslo-laget vil miste sine 3 poeng. Laga som har henta heim 3 poeng mot Lyn så langt i sesongen er Bodø/Glimt, Fredrikstad, Bryne, Follo og Alta.

For Sogndal sin del betyr det at nokre av dei tøffaste konkurrentane i toppen av tabellen misser poeng. Sogndal derimot, tapte sin bortekamp mot Lyn og blir dermed ståande med 20 poeng. I onsdag føremiddag heldt 20 poeng til tredjeplass, onsdag ettermiddag var det nok til 1. plass.

Sogndal i tet utan Lyn

Når poenga som dei andre laga har teke mot Lyn blir trekte frå så toppar Sogndal tabellen med sine 20 poeng, Bryne og Ranheim har 19 og Sarpsborg 17. Bodø/Glimt ramlar heilt ned på niandeplass med 13 poeng. Dermed blir det endå lettare for sogndalpatriotar å la den sørgjelege tv-overførde kampen mot Lyn gå i gløymeboka.

- Trist for norsk fotball

Dagleg leiar i Sogndal fotball Egil Mundal, meiner konkursen likevel er mest trist.

- For det første er det beklageleg for norsk fotball at eit lag ikkje klarar å komme seg gjennom sesongen, seier Mundal.

Han vil samtidig berømme den sportslege leiinga i Lyn.

- Dette er eit viktig steg i retning av at vi nærmar oss ein situasjon der det er økonomisk fair play i klubbane, seier Mundal.

- Umogleg å vite om poenga vert avgjerande

Mundal vil ikke føregripe kva som skjer vidare, men seier at han er blitt fortalt at Sogndal vil ligge på første eller andre plass på tabellen når Lyn forsvinn ut av 1. divisjon.

- Men dette er ikkje noko vi kan bruke mykje tid og ressursar på, poengterer Mundal.

Han viser til at det er spelt 10 kampar og at det framleis gjenstår 20 kampar før sesongen er slutt i november.

- At nokre av våre konkurrentar misser poeng kan vise seg å vere avgjerande ved sesongslutt, ja, men det er altfor tidleg å meine mykje om det, seier Mundal som presiserer at mykje hardt arbeid gjenstår før det skal kårast ein vinnar i divisjonen.