Hopp til innhold

Tapte 1-2, utan å score mål

Etter fem strake uovervunne kampar, tapte Sogndal 1–2 for 1. divisjonslaget Start i dagens treningskamp på La Manga.

Treningskamp mellom Sogndal og Start på La Manga.

TAP: Sogndal tapte måndagens treningskamp mot Start.

Foto: Morten Olsen / Digitalsport

Sogndal kom bakpå etter 20 minuttar då Jesper Mathiesen sette inn 0–1.

Kvarteret etter utlikna Sogndal. Ein hardt slått corner frå Ørjan Hopen vart boksa i eige bur av Start-keeper Alexander Lund Hansen.

Avgjerda kom fem minutt før slutt då Ernest Asante kontra inn 2–1 for Start.

– Det var ei grei gjennomføring av første kamp på naturgras. Med litt tur kunne vi tatt det heim, seier assistenttrenar Håvard Flo.

Annullerte mål

Treningskampen var eit møte mellom to lag som store delar av fjorårssesongen kjempa for å unngå nedrykk.

Medan Sogndal reid stormen av, og sikra seg ny kontrakt, måtte Start ta den tunge vegen ned frå Eliteserien. Likevel påførde sørlendingane Sogndal sitt andre tap i oppkøyringa – og det første tapet på fem kampar.

– Det er klart at vi hadde ynskje om å vinne, og vi hadde eigentleg sjansar til å gjere det. Begge lag hadde til dømes annullerte scoringar på tampen av kampen, oppsummerer Flo.

Ny Dyngeland

Sogndal har med seg fleire unggutar til den spanske solkysten. Mellom anna Runar Hove (Florø SK), Vegard Hopland (Stryn), Runar Heggestad (Sogndal) og Mathias Dyngeland.

Sistnemnde er keeper og veslebror til sogndal-spiss Stian Dyngeland. Han fekk prøve seg mellom stengene etter kvilen.

– Han stod ein god andre omgang, meiner Flo.

God Skaasheim

Med nykomlingen Stephané Badji, Taijo Teniste og Per Egil Flo ute med skade, fekk fleire unggutar prøve seg. Mellom anna fekk Peter Aase 90 minuttar på sentral midtbane. Ei oppgåve Flo meinte han løyste godt. I tillegg vart også midtstoppar Hannu Patronen skadd under oppvarminga og vart erstatta av.

I hans skadefråvær vart Eirik Skaasheim flytta ned frå midtbane til midtstopparplass.

– Skaasheim stod fram i dag. Litt involvert i eine baklengsmålet, men så spelte han i ein uvand posisjon, meiner Flo om innsatsen til 19-åringen.

Unge får prøve seg

– Vi har mange unge spelarar, som fekk seg god erfaring og hadde mange fine involveringar i dag, oppsummerer Flo.

Venteleg vil det bli meir speletid på unggutane når både Sandnes Ulf og Bodø/Glimt står for tur under opphaldet på La Manga.

– Vi er ikkje redde for å la dei få prøve seg, men i veke to håpar vi både Badji, Teniste og Flo er klare for action igjen. Så dei unge må nok slåst for å få speletid, avsluttar Flo.