– Per Egil dreg og skal spele ein kamp for Vålerenga. Dei er blant fleire klubbar som har synt interesse, og det er greitt for Per Egil å få testa seg der, seier assistenttrenar i Sogndal Fotball, Håvard Flo til sognavis.no.
Fleire har synt interesse
– Fleire klubbar har synt interesse for Per Egil, utan at eg vil nemne namn, seier Flo til avisa.
Det skal ikkje vere snakk om noko meir enn testkamp, førebels. Ingenting er heller formalisert mellom Sogndal og Vålerenga.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Blir å sjå i Parken laurdag
På sine nettsider skriv Vålerenga fotball at Flo set seg på flyet til København fredag, og er i kamptroppen til Vålerenga under laurdagens kamp i Parken.
Sidan han debuterte for Sogndal i 2006-sesongen har Flo spelt 138 seriekampar for klubben. Flo har også landskampar frå G15 og opp til U21- nivå for Norge.