NRK Meny
Normal

Sogndal dominerte - men tapte

SOGNDAL (NRK.no): Sogndal dominerte mot Lillestrøm i 89 minutt, men eitt minutt før full tid fekk gjestene corner, og skåra.

Lillestrøm vart for sterke for Sogndal.

TAP: Sogndal klarte var nære på å ta leiinga, men måtte til slutt gå av bana med tap. Lillestrøm sikra seg sigeren i det 89. speleminutt.

Foto: Alf Vidar Snæland / SCNAPIX

Sogndal var svært nær å leie mot Lillestrøm etter 1. omgang på Fosshaugane. Men LSK sin supermålvakt Arnold Origi fekk strekt fingrane ut.

Sogndal hadde ei rekkje gode sjansar i 1. omgang, men som ein har sett så ofte før denne sesongen så ville ikkje ballen i mål. Ikkje minst takka vere Origi i LSK-buret som stod som ei klippe.

Før kampen var Sogndal-kaptein Rune Bolseth klar på at dei på langt nær har gitt opp å sikre seg vidare spel i eliteserien.

– Vi vil ikkje vere med på nokon spekulasjon om framtida for Sogndal i eliteserien, slår Sogndal-kaptein Rune Bolseth fast. Men at han leia eit lag i poengnaud er ingen tvil om.

Før dagens kamp var det ti kampar igjen av årets eliteserie, og Sogndal har slite etter sommarpausen. Før avspark mot Lillestrøm på Fosshaugane klokka 18, låg dei på 14. plass, med berre to lag bak seg.

I kveld måtte Sogndal dessutan klare seg utan både Kristian Fardal Opseth, Edward Ofele, Taio Teniste og Bjørn Inge Utvik som alle slit med skadar.

Veldig klare for siger

– Skadane dei tenkjer eg ikkje på. Vi tenkjer å revansjere først og fremste dei siste kampane der vi har teke for lite poeng. Vi er veldig klare for å få ein ny siger. Det hadde vore herleg å kunne reist heim i kveld med tre poeng, sa Sogndal-kaptein Rune Bolseth til NRK før avspark.

Han meinte at laget har fått alt for lite utteljing for det han meiner er godt spel i fleire av dei siste kampane. Noko som måtte snu seg i kveld for at Sogndal skulle klare å sanke poeng framover.

– Vi tenkjer ikkje så mykje tabell. Vi e opptekne av prestasjon. Bortsett frå Bodø-Glimt-kampen der vi var forferdeleg dårlege, så har vi hatt mange gode kampar eigentleg der vi ikkje har fått betalt. Vi satsar på at vi får banke inn nokre mål og tek tre poeng i dag, seier Bolseth.

Laster innhold, vennligst vent..

Trur på fornya kontrakt

Så langt i sesongen har Sogndal vore sterkast på heimebane, og teke 14 av poenga sine der. Før kveldens kamp hadde Sogndal berre plukka to poeng på dei sju siste kampane. No er det to poeng på åtte kampar.

Assistenttrenar Tom Mangersnes innrømte etter sist kamp at laget no er i botnstriden, og at kvar kamp framover er avgjerande for å berge plassen i Eliteserien.

– Klarer vi å behalde effektiviteten vi hadde mot Viking sist, så har vi ståltru på at vi skal kome oss oppover. Eg tenkjer at dei som trur vi rykkjer ned tek feil. Vi spelar eliteseriefotball til neste år, slo kaptein Rune Bolseth fast før kampen mot Lillestrøm.

Rune Bolseth om Sogndal - LSK

Flo og Otoo på topp

Laget som trenar Jonas Olsson har teke ut til å kjempe frå start er:

Mathias Dyngeland–Eirik Skaasheim, Hannu Patronen, Tom Söderberg, Logi Valgardsson–Tonny Brochmann, Rune Bolseth, Babacar Sarr, Helge Haugen–Mahatma Otoo og Ulrik Flo

Benken: Leif Lysne, Christophe Psyché, Tim Nilsen, Ruben Holsæter, Joar Tryti og Truls Hovland.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå