Hopp til innhold

Sogndal-spelar slepp valdtektstiltale

Det blir ikkje teke ut tiltale mot Sogndal-spelaren som var meldt til politiet for valdtekt.

HTL Kungsgatan

ANMELDT: Sogndalspelaren vart meldt for valdtekt på hotellet i november 2015. No har svensk politi bestemt at det ikkje blir teke ut tiltale.

Foto: privat

– Som arbeidsgjevar er me glade for at ei vanskeleg sak har kome til ein konklusjon, seier dagleg leiar Egil B. Mundal i Sogndal.

Ein Sogndal-spelar vart i november i fjor meld til politiet av ei kvinne som hevda at ho vart valdteken på eit nachspiel. Fleire av Sogndal-spelarane skal ha vore på festen, som blei arrangert i samband med ein felles spelartur til Stockholm.

Kvinna hevda overfor den svenske avisa Aftonbladet at ho hadde møtt nokre av spelarane via datingappen Tinder. Seinare på natta hamna dei på nachspiel på hotellet til spelarane, der ho meinte at valdtekta skulle ha skjedd.

No har svensk politi bestemt at det ikkje blir teke ut tiltale overfor spelaren.

Sogndal Fotball seier seg no ferdig med saka. Overfor NRK vil dagleg leiar Egil B. Mundal ikkje kommentere saka utover dette.