Hopp til innhold

Politiet i Sogndal kan bli kopla inn i påstått valdtektssak

Politiet i Sogndal kan bli kopla inn i etterforskinga etter at ein Sogndal-spelar er meld for ei valdtekt i Stockholm natt til laurdag.

HTL Kungsgatan

SKAL HA SKJEDD HER: Fleire Sogndal-spelarar var med på nachspielet på dette hotellet i Stockholm sentrum.

Foto: privat

Politiet i Stockholm held fram etterforskinga i samband med at ei ung kvinne hevdar at ho blei valdteken av ein Sogndal-spelar.

– Vi held fram etterforskinga og gjer dei undersøkingane som vi finn naudsynt for å få klarheit i kva som har skjedd, opplyser Kjell Lingö i Stockholmspolisen til NRK.

Vurderer eit samarbeid

– Den aktuelle spelaren har reist heim til Sogndal. Kan det vere aktuelt for dykk å be om assistanse frå lokalt politi?

– Det er aktuelt, men vi kan ikkje på noverande tidspunkt seie om eller når vi vil ta kontakt med våre norske kolleger, seier Lingö.

Den påståtte valdtekta skal ha skjedd i samband med ein fest på HTL-hotellet i Kungsgatan i den svenske hovudstaden natt til sist laurdag.

Fleire av Sogndal-spelarane skal ha vore på festen, som blei arrangert i samband med ein felles spelartur til Stockholm.

Tok kleda som bevismateriale

Kvinna, som hevdar ho blei valdteken, seier til den svenske avisa Aftonbladet at dei hadde møtt nokre av spelarane via datingappen Tinder. Seinare på natta hamna dei på nachspiel på hotellet til spelarane.

Laurdag føremiddag gjekk kvinna til politiet og melde det ho hevdar er ei valdtekt.

– Dei tok kleda mine som bevismateriale og køyrde meg til Södersjukhuset for ei undersøking og fotografering av skadene, seier kvinna til Aftonbladet.

Samarbeider med politiet

Dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal, er oppteken av at klubben no skal ta vare på spelaren, men at dei sjølvsagt samarbeider med politiet.

– Eg kan stadfeste at det gjeld Sogndal, og at det framfor alt er ei veldig trist sak. Dette er no ei politisak og vi skal sjølvsagt bistå dei i arbeidet. Utover det har vi ikkje høve til å kommentere saka ytterlegare, sa dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal, til NRK i går.