Hopp til innhold

Sogndal sel midtbanejuvel til Molde

Molde FK og Sogndal Fotball er samde om ein overgang for senegalesaren Babacar Sarr. Midtbanespelaren stogga på 61 kampar for Sogndal.

Babacar Sarr

SELD: Det er blitt tradisjon for Molde å styrke laget med spelarar frå Sogndal. I dag vart det klart at laget frå rosenes by hentar Babacar Sarr. Tidlegare har Even Hovland, Per Egil Flo og Petter Strand gått same vegen.

Foto: Christian Blom / NRK

Dagen etter at Henrik Furebotn på nytt vart Sogndal-spelar, er det klart at Babacar Sarr si tid på Fosshaugane er over.

Det har siste tida ikkje vore noko løyndom at 25-åringen har ynskt seg ei ny utfordring.

– Eg tykkjer Molde er ein veldig god klubb for meg, og eg snakka med agenten og familien min om det. Eg hadde nokre tilbod, men eg trur Molde er det rette valet for meg, seier Sarr til Molde FK sine nettsider.

Senegalesaren kom frå Start til Sogndal Fotball i 2014 og er blitt ein sentral spelar for trenar Eirik Bakke. 25-åringen har notert seg for 61 kampar og sju mål for Sogndal.

Håvard Flo

TOTALVURDERING: Sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo, seier at Sarr vart seld etter ei totalvurdering.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Tida var inne

Sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Håvard Flo, vedgår overfor deira nettsider at Sarr har vore ein viktig spelar, både på og utanfor bana. Salet skjer ut frå ei totalvurdering med tanke på attståande kontrakt og økonomi.

– Vi kunne sjølvsagt ynskt at Baba var med oss vidare i ein lengre periode, men tida er inne no for at Baba går vidare til nye oppgåver, seier Flo.

Molde har tidlegare henta Even Hovland, Per Egil Flo og Petter Strand frå Sogndal. Flo seier det har vore ein viktig del av klubbstrategien å utvikle spelarar og gje dei moglegheit til å ta eit steg vidare på rett tidspunkt.

– Men å fylle tomrommet etter Sarr vert ikkje enkelt. Så vi er litt ukomfortable i magen no. Det vert ikkje lett, men vi har klart det før, seier han til NRK.

Flo ønskjer ikkje å kommentere overgangssummen, men trur alle partar er fornøgde.

No jobbar klubben med å finne den rette typen som kan komme inn å fylle Sarr sine sko.

Ein ballvinnar

solskjær

NØGD: Ole Gunnar Solskjær har på nytt henta ein Sogndal-spelar til Molde.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Og i Molde er manager Ole Gunnar Solskjær, er veldig glad for å ha signert 190 centimeter høge Babacar Sarr.

– Han vinn mange duellar både i lufta og langs bakken. Kall det ein ballvinnar som spelar enkelt, som gir den vidare til medspelarane sine. Eg trur likevel at når han kjem på eit lag som Molde, når vi dominerer kampar så er han ein spelar som kan styre spelet, seier Solskjær.

Det er førebels uvisst kor stor overgangssummen er. Men det som er klart, er at det også dryp godt med kroner på Start, Sarr sin tidlegare klubb.

– Det er ein hyggeleg sum som er på veg til Start. Dette er ein bonus for Start, seier administrerande direktør Even Øgrey Brandsdal til NRK.

Fleire på veg ut

franske nettsider vert det no spekulert i om enda ein sogndalseplar er på veg vekk frå klubben og til Marseille. Sjølv kjenner ikkje sogndalspissen Mahatma Otoo til interessa.

– Eg fekk først høyre om det i går då nokre kameratar ringde etter å ha lese det i fransk media, seier Otoo til NRK.

Ghanesaren er inne i sitt siste år i Sogndal og vedgår at det har vore tilbod, men at han ikkje kan gå ut med namn på klubbar.

På spørsmål om han reknar med å reise i nær framtid svarar han:

– Det har eg ingen kommentar til. Eg er under kontrakt med Sogndal, så får vi sjå kva som skjer.

Sportsleg leiar Håvard Flo kjenner heller ikkje til interessa frå Frankrike.

– Det kan godt vere at det skjer noko med Otoo i nær framtid, men det får tida vise, seier han.

Sogndal

FRANSK INTERESSE: Mahatma Otoo verkar å vere i kikkerten til ein fransk klubb.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix