Hopp til innhold

Her trenar årdølen med sine nye lagkameratar i gamleklubben

SOGNDAL (NRK): Ringen er slutta for Henrik Furebotn (30). I dag signerte han avtalen som gjer han til Sogndal-spelar dei neste to åra.

Henrik Furebotn

INSTRUKSJONAR: Henrik Furebotn deltok på tysdagstreninga med Sogndal. Her får han instruksjonar av trenar Eirik Bakke.

Foto: Henrik Agledal / NRK

Henrik Furebotn

GLER SEG: Henrik Furebotn trur han kan bidra med dei erfaringane han har med seg.

Foto: Henrik Agledal

– No som eg har teke med meg kona og flyttelasset til Sogndal, så håpar eg verkeleg at alt går etter planen, humra årdølen til NRK då han tysdag morgon var på veg for å sette signaturen på ein treårskontrakt med Sogndal Fotball.

Nokre timar seinare er overgangen frå Bodø/Glimt fullført. Henrik Furebotn vender heim til Sogn for å forsvare Sogndal Fotball si kvite og svarte drakt.

I føremiddag gjennomførte ei trening med sin nye arbeidsgjevar. Furebotn er no glad for å vere tilbake.

– Det var ei veldig god kjensle og det kribla i beina då eg tok på meg treningstøyet. Det var veldig kjekt å få første trening unnagjort, seier han.

Kva er det med klubben som gjer at du vender tilbake?

– Det har med å gjere korleis det er etter at Eirik kom inn som trenar. Eg ser kor artig fotball dei spelar. Dei pressar høgt, dei spelar ball, skårar mål og vinn kampar. Det er utruleg kjekt å sjå.

– Kva er ambisjonane dine i Sogndal?

Eg vil bidra så godt eg kan med dei erfaringane eg har fått. Eg håper å få spele kampar og at sesongen i haust blir like god som i vår.

Glade for å få han tilbake

Sportsleg leiar Håvard Flo seier både klubben og bygda er glade for å få Furebotn tilbake til Sogndal.

– Vi har jobba ei stund med dette. Alle partar er glade for at dette no er landa. Henrik er kjempemotivert og kjenner klubben godt. Dette er ein lukkeleg periode for oss.

Flo seier Furebotn har utvikla seg godt sidan han spelte på Fosshaugane sist.

– Han har fått ein del erfaring i andre klubbar og vore god der. Det er ein av grunnane til at vi har henta han tilbake. Vi trur Henrik vil passe godt inn i gruppa vår, både som spelar og mentor.

Ringen er slutta

Furebotn kom frå Årdal til Sogndal i 2006 og fekk same året debuten i 1. divisjonsoppgjeret borte mot Pors. Fem år seinare debuterte han i eliteserien på Marienlyst i Drammen. Sidan har årdølen halde seg i eliteserien.

Sidan 2013 med Sandnes Ulf og Bodø/Glimt. No er altså ringen slutta.

I helga skal Sogndal møte nettopp Bodø/Glimt på Fosshaugane. Men denne kampen blir ikkje Furebotn med på.

– Eg er ikkje klar til den og det er også litt av avtalen at eg ikkje spelar. Men hadde det vore opp til meg, så hadde eg gitt full gass, seier Henrik Furebotn.

.