NRK Meny
Normal

Ordførarar i Sogn om aust-vest-valet: – Feigt

SOGNDAL (NRK): Regjeringa og samarbeidspartia bestemte i dag at dei vil satse på tre alternativ som hovudfartsåre mellom aust og vest. – Feigt og eit ledd i valkampen, meiner ordførarane i Sogn.

Jarle Aarvoll, Ivar Kvalen og Olav Turvoll

SKUFFA: Vik-ordførar Olav Turvoll til venstre, Luster-ordførar Ivar Kvalen i midten og Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll til høgre. Dei jubla ikkje over at regjeringa ikkje vel eit alternativ som nordleg stamveg mellom aust-vest. Riksveg 52 Hemsedalsfjellet, riksveg 7 Hardangervidda og E16 Filefjell får lik prioritering.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Mitt inntrykk er at dette er eit forslag som er meint for å gjere alle fornøgde, og at det er eit ledd i valkampen, seier Luster-ordførar Ivar Kvalen.

– Så du er ikkje nøgd med avgjerda?

– Nei. Her burde dei følgt dei faglege vurderingane frå Statens vegvesen og gått «all in» for Hemsedal, men dette er nok mest meint får å gjera Hordaland fornøgd, seier Kvalen.

Saman med ordførarkollegane i Sogndal, Jarle Aarvoll, og Vik, Olav Turvoll, var han ikkje heilt nøgd med at ingen av vegalternativa fekk prioritet.

– Ingen har fått akkurat det dei håpa på, men vi skal gleda oss for at det vert gitt signal om utbetring av alle, seier Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll.

Det var venta at Regjeringa og samarbeidspartia skulle legg fram om riksveg 52 Hemsedalsfjellet eller riksveg 7 Hardangervidda skulle bli hovudveg nummer to mellom aust-vest.

Dei valde å satse på begge to, pluss eit tredje alternativ.

I korte trekk vert Hardangervidda satsa på for persontrafikk, medan Hemsedalsfjellet skal vera for næringstrafikk.

  • Riksveg 7 Hardangervidda skal utviklast som hovudvegsamband for persontrafikk, med stor vekt på dei mogelegheitene som finst for turisme, og med omsyn til villreinproblematikken.
  • Riksveg 52 Hemsedal skal vere hovudvegsamband for næringstransport. Her skal det leggast vekt på å få trafikken bort frå sentrum og få opp fart og vinterregularitet.
  • E16 er vintersikker, men er den som har lengst køyreavstand Oslo-Bergen. Vegen skal fullførast og vil vere ein viktig avlastningsveg når andre fjellovergangar er stengt, i tillegg til å betene dei områda som den betener i dag.

Tidlegare har det blitt bestemt at E134 Haukeli skal vera hovudvegen.

Saka fortsett under bilde.

Hardangervidda og Hemsedal på kart

ALLE GODE TING ER TRE: Regjeringa og samarbeidspartia har bestemt seg for at både riksveg 52 Hemsedalsfjellet og riksveg 7 Hardangervidda skal satsast på som hovudveg mellom aust og vest. I tillegg vert europaveg 16 over Filefjell oppgradert.

Foto: NRK/Google

Gjekk i mot vegvesenet

I to omgangar har Statens vegvesen lagt fram at riksveg 52 over Hemsedalsfjellet har vore det beste alternativet.

– Eg trur ikkje eg har sett regjeringa gå i mot tilrådingane frå fagetatane på denne måte før. Dei har fått ei fagleg vurdering to gonger og begge har vist at riksveg 52 har vore det beste alternativet, men vel å gå delvis i mot det, seier Aarvoll.

Han skulle sett at det var prioritert hardare.

– I politikken må ein prioritere. Her seier dei ja til litt av alt og då er faren at ingenting vert gjort skikkeleg, seier Aarvoll.

Sveinung Rotevatn. Trær i bakgrunnen

Stortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Stortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn, meiner Sogn og Fjordane kan leve godt med avgjerda som vart lagt fram.

– I utgangspunktet skulle eg ønska at ein var tydelegare på at riksveg 52 skal prioriterast som hovudsamband. No får vi i staden ei funksjonsdeling, men den tenkjer eg vi bør kunne leve greitt med her i fylket, seier han.

Ingen kostnadsramme

I pressemeldinga frå samarbeidspartia står det ingenting om når oppstart av utbetringane vil skje. Det står heller ingenting om kor mykje det heile kjem til å koste.

– I den kommande NTP vil det bli lagt inn pengar til strekningsvise utbetringar på alle strekningane. Dette er tiltak som kan komme raskt i gang. Det vil bli kalla «samordningsstrekninger» – der Statens vegvesen får mogelegheit til å bruke mindre beløp for å utbetre kritiske flaskehalsar utan at det blir definert som store, enkeltståande prosjekt, seier stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel.

– Det er eit pluss at tungtransport vert prioritert over Hemsedal. Då må standarden vera deretter, men dei burde vald ein, seier ordførar i Vik, Olav Turvoll.

Bjørn Lødemel på vegkonferanse i Geiranger

Stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.