NRK Meny
Normal

Begeistra for at Hemsedalsfjellet er valt

–VOSS/LÆRDAL/FØRDE (NRK) Transportnæringa og forkjemparane for Hemsedalsfjellet jublar, medan Hardangervidda-forkjemparar augnar håp i Stortinget.

Magne Ahlin

GLAD: Magne Ahlin og transportnæringa er glade for at Vegvesenet for andre gong tilrår Hemsedalsfjellet.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Reaksjonane er udelt positive hjå Hemsedalsforkjemparane og tilsvarande negative for dei som slost for Hardangervidda etter at Statens vegvesen la fram si KVU-utgreiing som konkluderer med at riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er den beste nordlege hovudvegen mellom aust og vest.

– Dette er ein gledens dag. Og svært gledeleg for oss som driv i transportbransjen, seier Magne Ahlin som driv transportselskap på Håbakken i Lærdal.

Noralv Distad

LETTA: Ordførar Noralv Distad (H) i Aurland er nøgd med tilrådinga i dag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Som forventa. Dette er ei tydeleg fagleg tilråding som viser at Hemsedal fell best ut i kostnad, reisetid og regional effekt, seier ordførar Noralv Distad i Aurland.

– Veldig nøgd. Saman med E134 over Haukeli dekker riksveg 52 Vestlandet på den beste måten, seier ordførar i Hemsedal, Oddvar Grøthe.

– Eg merkar stor usikkerheit. Og ganske jamnt løp. Så her opnar det seg opp for å gjere eit politisk val, seier ordførar Hans Erik Ringkjøb på Voss.

Statens vegvesen la i dag fram ei KVU-utgreiing der dei for andre gong konkluderer med at riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er den beste hovudvegen.

Hemsedalsfjellet

GÅR FOR HEMSEDALSFJELLET: Statens vegvesen meiner riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er den beste nordlege hovudvegen mellom aust og vest.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Statens vegvesen meiner at Hemsedalsfjellet er betre enn riksveg 7 over Hardangervidda, både når det kjem til «samfunnsøkonomi, måloppnåelse og muligheten til å betjene nasjonal trafikk som ikke kan benytte E134», som det står i tilrådinga frå transportetaten.

Det har vore knytt stor spenning til kva tilråding Vegvesenet ville kome med. Vegvesenet si faglege anbefaling vil vege tungt når politikarane skal ta endeleg stilling til kva veg det skal satsast på i tillegg til E134 over Haukeli.

Øst-vest traseer kart

KLART: Vegvesenet tilrår at Rv. 52 Hemsedalsfjellet blir vald som hovudveg mellom vest og aust. E 134 over Haukelifjellet er alt valt som den andre.

Foto: NRK/Google Maps

Ba om ekstrarunde

Før jul bestemte samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) at E134 over Haukeli skal vera den sørlege stamvegen mellom aust og vest, men kva som skal vera den nordlege hovudvegen skubba ministeren føre seg.

Sjølv om Statens vegvesen i januar i fjor – etter ei omfattande utgreiingsarbeid – tilrådde at Hemsedalsfjellet var eit betre alternativ enn Hardangervidda, bestemte Solvik-Olsen at dei to alternativa skulle greiast ut ein gong til.

Statens vegvesen la i dag fram ei KVU-utgreiing som konkluderer med Hemsedalsfjellet som beste hovudveg aust-vest.

VEGEN SKAL GÅ OVER HEMSEDALFJELLET: Vegvesenet har konkludert med at riksveg 52 over Hemsedalfjellet er den beste vegen mellom aust og vest.

I dag vart konklusjonen lagt fram på Voss med forkjemparar for begge vegalternativa til stades. Hemsedalsfjellet er saman med E134 ei betre heilskapsløysing, som «vil gi effektive og samfunnssikre hovedvegforbindelser for reisende i et geografisk større område enn det riksveg 7 kan dekke».

Statens vegvesen sin konklusjon i dag inneber startskotet for ein intens politisk batalje, som vil kulminera i Stortinget som skal vedta ny nordleg aust-vest-stamveg i juni neste år som ein del av den nye nasjonale transportplanen for 2018–2029.

Prosjektleiar

KONKLUSJON: Prosjektleiar Morten Ask (midten) la fram KVU-rapporten på Voss i ettermiddag. Vegsjef Helge Eidsnes til høgre.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Gledas dag

Transportbransjen har lenge kjempa for Hemsedalsfjellet. Transportør Magne Ahlin er svært begeistra.

– Hemsedalsfjellet er mykje kortare og med planane om tunnel frå Borlaug til Bjøberg vil vi få eliminert stigninga og spare mykje tid. Eg meiner vi kan spare halvannan time mot alternativet over Filefjell, seier Ahlin.

Han håpar politikarane endar på Hemsedal.

– Denne prosessen har gått gjennom så mange rundar og kome til den same konklusjonen, så eg reknar med at politikarane er fornuftige og går for tilrådinga til Vegvesenet, seier Ahlin.

Stortingspolitikar Helge Orten (H) i transport- og kommunikasjonskomiteen vil ikkje konkludere.

– Eg tek konklusjonen her til etterretning. Eg føler at det ikkje er veldig stor skilnad i kost/nytte-berekningane. Vi har fire vegar som kryssar fjellet, så dette må vi sjå i samanheng.

– Men kan de setje dei faglege tilrådingane til side når dei for andre gong tilrår Hemsedal?

– Eg vil ikkje konkludere. No skal eg gå grundig gjennom rapporten og så bestemmer vi oss til våren.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.