NRK Meny
Normal

Slik blir sesongen for Sogndal

Sogndal Fotball får serieopning på heimebane, og serieavslutning på bortebane når dei neste år spelar i 1. divisjon.

Bolseth og Jacobson

1. DIVISJON: Rune Bolseth (t.h.) og Sogndal Fotball er neste år å finne i 1. divisjon. I dag kom kampoppsettet.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Etter fleire år i selskap med lag som Lillestrøm, Rosenborg, Molde og Strømsgodset som motstandarar i eliteserien, er det neste år duka for møte med lag som Jerv, Levanger, Kristiansund og Follo i 1. divisjon.

Heime 16. mai

I dag sende Norges Fotballforbund ut kampoppsettet for kommande sesong. Der er Sogndal oppført med heimekamp mot Bærum i serieopninga 6. april.

Deretter går det slag i slag med nyopprykka Jerv borte og Hønefoss på heimebane. På Fosshaugane er 16. mai-kamp sjeldan kost i eliteserien. I år kjem derimot Ranheim på besøk dagen før nasjonaldagen.

Hektiske månader

Også Brann og Sandnes Ulf måtte ta den tunge vegen ned i 1. divisjon. Sogndal møter laga først på bortebane. Turen til Sandnes kjem mot slutten av ein hektisk mai-månad, medan vestlandsoppgjeret på Brann Stadion kjem først i juni.

Etter ein tre vekes pause i juli, blir august ein minst like hektisk månad som mai. Sesongen blir avslutta borte mot Levanger 1. november.

Sogndal sine kampar sesongen 2015

April

  • 6. Sogndal–Bærum
  • 12. Jerv–Sogndal
  • 19. Sogndal–Hønefoss
  • 26. Nest-Sotra–Sogndal
  • 30. Sogndal–Levanger

Mai

  • 3. Kristiansund–Sogndal
  • 10. Sogndal–Åsane
  • 13. Bryne–Sogndal
  • 16. Sogndal–Ranheim
  • 25. Sandnes Ulf–Sogndal
  • 31. Sogndal–Fredrikstad

Juni

  • 7. Follo–Sogndal
  • 21. Brann–Sogndal
  • 28. Sogndal–Hødd

Juli

  • 5. Strømmen–Sogndal
  • 26. Sogndal–Jerv

August

  • 2. Ranheim–Sogndal
  • 9. Sogndal–Bryne
  • 12. Fredrikstad–Sogndal
  • 16. Sogndal–Brann
  • 23. Bærum–Sogndal
  • 30. Sogndal–Follo

September

  • 13. Sogndal–Nest-Sotra
  • 20. Hødd–Sogndal
  • 27. Sogndal–Strømmen

Oktober

  • 4. Åsane–Sogndal
  • 14. Sogndal–Kristiansund
  • 18. Hønefoss–Sogndal
  • 25. Sogndal–Sandnes Ulf

November

  • 1. Levanger–Sogndal
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå