Hopp til innhold

Sjanselaus på elitespel trass mange sjansar

SOGNDAL (NRK.no): Dei kjempa for kvar ball, dei kjempa for æra og dei kjempa for publikum. Men til inga nytte. No tek Sogndal den tunge vegen ned i 1. divisjon.

Sogndal

KJEMPAR HARDT: Sogndal har kome godt i gang i kampen mot Stabæk, men skal laget klare kvalikplassen må Brann tape i Haugesund.

Foto: Alf Vidar Snæland / NTB scanpix

For når ballane ikkje ville i nettet på Fosshaugane, ordna SK Brann biffen i Haugesund. Dermed er det erkerivalane frå Bergen som får spele kvalifisering, og ikkje Sogndal.

– Det er den siste sjansen vi har og vi skal blø for drakta og meir om vi klarer, sa Ulrik Flo til NRK før kampen.

Men denne gongen heldt det ikkje å blø for drakta, det var ikkje nok at Ulrik og dei andre ofra kvar muskelfiber i to ganger 45 minutt.

For etter 86 minutt klarte Stabæk det Sogndal aldri klarte i kampen, nemleg å skåre mål. Først eitt, så to - og då reiste publikum seg og gjekk...

Sogndal stilte med følgjande lag mot Stabæk i kveld:

Nils Kenneth Udjus, Taijo Teniste, Bjørn Inge Utvik, Hjortur Log Valgardsson, Christophe Psyché, Rune Bolseth, Ulrik Flo, Petter Strand, Babaca Sarr, Mahatma Otoo, Time André Nilsen

Benken: Mathias Dyngeland, Helge Haugen, Edward Ofere, Kristian Fardal Opseth, Tonny Brochmann Christiansen, Ruben Holsæter, Truls Hovland

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..
Tim Nilsen før kampen mot Stabæk
Ulrik Flo før den avgjerande eliteseriekampen mot Stabæk