Hopp til innhold

Nykomlingen debuterer frå start

Vegard Leikvoll Moberg spelar frå start i sin første kamp i Sogndal-drakta. Laget jaktar nok ein siger då Bodø/Glimt gjestar Fosshaugane.

Vegard Leikvoll Moberg

DEBUTERER: Vegard Leikvoll Moberg erstatter selde Babacar Sarr på Sogndal-midtbana mot Bodø/Glimt.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Det er to formlag som møtast på Fosshaugane i kveld. Sidan eliteserien starta opp att etter sommarferien har Bodø/Glimt to sigre og ein uavgjort. Sogndal har på si side ikkje tapt ein kamp i eliteserien sidan 2–0 tapet mot Brann i april.

– Bodø/Glimt er også i god form, vi har begge 7 av 9 poeng etter sommarpausen, fortel Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Han er likevel klar på at dei kvite går for nok ein siger.

– Inngangen er som alltid, vi køyrer på i vår stil. Er vi på vårt beste er det veldig stor sjanse for at vi vinn. Utgangspunktet er å ta kampen, då pleier det å gå bra, seier Bakke.

Mogleg debutant

Det har skjedd ting på overgangsfronten i Sogndal den siste veka. Midtbanejuvelen Babacar Sarr er selt til Molde. Inn har Henrik Furebotn og Vegard Leikvoll Moberg teke turen.

Henrik Furebotn kjem frå nettopp Bodø/Glimt, og spelar ikkje kveldens kamp. Det gjer derimot Vegard Leikvoll Moberg, som kom frå Åsane på fredag.

– Vegard har trent med oss ein dag no, eg håpar at han er klar for kampen, fortalde Eirik Bakke på fredag.

SOGNDAL: Mathias Dyngeland, Taijo Teniste, Bjørn Inge Utvik, Chistophe Psyche, Jukka Raitala, Gilbert Koomson, Vegard Moberg, Erik Birkelund, Lars Christian Kjemhus, Martin Ramsland, Ole Amund Sveen.

BENKEN: Stefan Hagerup, Rune Bolseth, Mahatma Otoo, Kristian Fardal Opseth, Ruben Holsæter, Magnus Pedersen, Victor Grodås.

Laster innhold, vennligst vent..