Hopp til innhold

Sogndal med sin ellevte strake utan tap

Ole Amund Sveen putta det einaste målet i vestlandsoppgjeret mellom Haugesund og Sogndal. Sogndal sikra seg med det sin ellevte strake utan tap, medan vertane noterte seg med sitt første heimetap for sesongen.

Ole Amund Sveen scorar mot Haugesund

MÅL – IGJEN: Ole Amund Sveen scora kampens einaste mål då Sogndal gjesta Haugesund. Med dette scora Sveen mål i sin fjerde kamp på rad.

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

– Elleve kampar utan tap, det imponerer meg, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke strålande godt nøgd etter kampen.

Skåra i sjansefattig kamp

Då Sogndal og Haugesund møttest på Fosshaugane tidlegare i år var det vertane som tok poeng. I dagens kamp såg det lenge ut til at laga kunne kome til å dele poenga.

Laga spelte jamt, sjølv om heimelaget store deler av kampen var det styrande laget. Spesielt første omgang var sjansefattig.

Kva Eirik Bakke sa til spelarane sine i garderoben er uvisst, men etter pause var det Sogndal som greidde å få hol på den sjansefattige byllen som prega spelet i første omgang.

Etter 55 minutt fekk Sveen ballen i beina etter eit frispark og sette ballen i mål på kloss hold.

Første tap for Haugesund

Etter dette kjempa Haugesund lenge innbite for å redusere. Før dagens kamp hadde dei ikkje tapt på heimebane denne sesongen, men Sogndal var gjerrige i spelet og let aldri vertane ta innpå.

Sogndal på si side hadde før dagens kamp ikkje tapt på ti kampar. Laget har lenge vore inn i ein god rytme og Bakke sine menn heldt koken også denne julikvelden.

Fire minutt på overtid vart kampen blåst av. Sogndal-spelarane kunne dermed omfamne kvarandre i vill jubel – nok ein gong kan dei reise heim med tre poeng.

– Utruleg herleg

Målskårar Ole Amund Sveen var overlykkeleg etter kampslutt.

– Dette var sinnssjukt herleg. Eg hadde ikkje venta dette før sesongen. Om nokon hadde sagt at eg skulle skåre fire på rad, det hadde vore ein draum, seier han og meiner sjølv han er i flytsona om dagen.

– Det er litt sånn om dagen at ballen ramlar ned der eg er. Men eg satsar på at eg gjer noko rett også når eg hamnar i desse skåringsposisjonane.

Han noterte seg også i målprotokollen mot Bodø/Glimt (2-2), Vålerenga (1–1) og Molde (4-3).

– Det var ein periode eg brann mange sjansar og var litt ute av det. No føler eg at det sit skikkeleg, det er utruleg herleg!

– Vi kriga dei i senk

Som første lag har altså Sogndal slått Haugesund på heimebane denne sesongen.

– Dei er eit godt heimelag, men vi kriga dei i senk, seier Bakke stolt.

Sogndal-trenaren er imponert over det laget får til. Laget hans i dag stod utan Babacar Sarr, som har signert for Molde, og Martin Ramsland som måtte stå over på grunn av for mange gule kort. Bakke seier unggutane på bana viser seg verdige.

– Kollektivet i Sogndal er enormt.

– Kva vil du seie om lagmoralen i Sogndal?

– Det er fantastisk. Vi kjempar på sjølv om slik første del av kampen. Vi blir sterkare og sterkare utover i kampen.

Laster innhold, vennligst vent..