Hopp til innhold

Sogndal blir granska av Skatt Øst

Fotballklubben Sogndal blir no granska av skattemyndigheitene.

Taijo Teniste

SJEKKAR OVERGANGEN: Skatt Øst skal no etterforske Taijo Teniste sin overgang til Sogndal.

Foto: Rune Sjøberg / Sogndal Fotball

Det er VG Nett som skriv at sogneklubben og Tromsø har brukt same agent som gjennomførte avtalen med Raio Piirojas og Fredrikstad.

Den estiske spelaren skal ha fått under 600.000 kroner i årslønn i perioden han spelte for Fredrikstad, trass i at han var ein av dei store profilane i klubben. Samstundes betalte FFK ein million kroner i året til eit agentbyrå i Estland som betaling for speidaroppdrag. Pengane skal ha hamna på hans private konto, og politiet meiner dette skal ha vore eit forsøk på å unndra skatt.

Sogndal har hatt to estiske spelarar dei siste åra. Taijo Teniste spelte på laget i fjor og Karl Palatu i 2007.

Blei varsla i dag

Egil B. Mundal på Fosshaugane

FEKK BESKJEDEN I DAG: Dagleg leiar i Sogndal, Egil B. Mundal, seier han blei kontakta i dag.

Foto: Arve Uglum / NRK

No skal Sogndal og Tromsø få bokettersyn av Skatt Øst. Sogndal fekk denne beskjeden først i dag.

– Eg kan stadfeste at Skatt Øst tok kontakt med klubben i dag om ein varsla kontroll i samband med overgangen til to estiske spelarar. Vi skal ta imot dei og gi dei den informasjonen og dokumentasjonen dei treng, seier dagleg leiar Egil B. Mundal i Sogndal Fotball til NRK.no.

Han er ikkje overraska over at Skatt Øst tok kontakt.

– Nei, det er heilt naturleg at dei gjer.

Kjenner seg trygg

Sogndal har tidlegare sett i gang ei intern gransking etter saka om Piirojas kom opp.

– Norges Fotballforbund har varsla at det vil bli gransking av alle internasjonale overgangar, så vi har begynt å rapportere inn. No skal vi framskunde dette arbeidet og sjå på avtalane med dei estiske spelarane. Førebels ser det ut til vere heilt ordinære overgangar.

Han kjenner seg trygg på at klubben har gjort alt rett.

– Ja, eg trur dette skal vere ein formalitet. Det er ingenting som tyder på at klubben har gjort noko gale.