NRK Meny
Normal

Kjempar mot forgubbing i sjakken

Trass TV-suksess med Magnus Carlsen: Små klubbar treng friskt blod for å drive vidare. I Florø er sjakk populært, men dei slit med forgubbing.

Arve Grøneng strekker seg etter sjakkbrikke

FULLT FOKUS: Ti mann sit rundt eit langbord. Det er heilt stille i Florø klubbhus når sjakkpartia blir spelt.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

– Vi må ha inn nye folk, om sjakklubben skal leve vidare.

Det seier Øystein Hjertenes, som er ein av dei erfarne spelarane i Florø Sjakklubb. Han blei nummer 11 i sjakk-OL i 1976, og er framleis aktiv i den lokale klubben. Dei ønsker å rekruttere yngre spelarar, men det er ikkje lett.

– Eg trur det er ei vanleg utfordring at det i veldig mange klubbar skjer ei viss forgubbing, så vi må berre prøve å få inn nye medlemmer så vi kan halde klubben i gang, seier Hjertenes.

Øystein Hjertenes vurderer stillinga

LÆRER OPP UNGDOM: Øystein Hjertenes vurderer stillinga si i partiet mot nybegynnar Rune Kleiven Rynning.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Massiv interesse for sjakk

Nesten halve Norge følgde med då Magnus Carlsen spelte VM-kamp før jul. Interessa har vore enorm, og TV-sjåarane følger med sjølv om kampane strekker seg ut i nattetimane.

– Sjåartala er langt over det nokon kunne tenke seg, og dei viser at NRK sitt sjakkteam har utført det utrulege kunststykket å formidle spenninga og dramaet i et spel som ingen heilt forstår, sa NRK sin sportsredaktør Egil Sundvor etter VM i desember.

CHESS-NEWYORK/

GLAD: Magnus Carlsen og Sergej Karjakin smiler på pressekonferansen etter at Carlsen forsvarte VM-tittelen på bursdagen sin.

Foto: MARK KAUZLARICH / Reuters

Større auke i sjåartal enn medlemmer

– Dersom dette hadde skjedd for 20 år sidan, trur eg ein hadde sett ein større eksplosjon i medlemstal i sjakklubbane, seier Torstein Bae.

Torstein Bae

NY DIMENSJON: Torstein Bae seier det er mykje meir spenning i å spele mot ein fysisk person, enn på internett.

Foto: Ole Kaland / Ole Kaland, NRK

Bae er ekspertkommentator i sjakksendingane til NRK, og snakkar om sjakkfeberen som har herja i Norge, sidan Magnus Carlsen blei verdsmeister i 2013.

Han trur at mange speler på internett, og derfor ikkje oppsøker ein klubb for å spele sjakk.

– Eg trur ikkje den kolossale merksemda sjakk-VM får på TV blir reflektert i medlemstala til Norges Sjakkforbund, fordi det er så mange som vel andre kanalar for å sette i gang med sjakken, seier Bae.

Laster innhold, vennligst vent..

Sjakk på nett er ikkje det same

– Alle hobbyspelarar er eigentleg heilt samstemt. Å sitte ovanfor ein motstandar, merke at klokka tikkar nedover og at pulsen blir høg – det gir ein annan dimensjon enn å spele på nett, seier Bae.

Fokusert sjakkspel

INGEN VIL TAPE: Jasmin Sijaric ser fokusert på brettet når Alan Rossi trykker på sjakkuret.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

I Florø har sjakklubben fått med seg ei handfull 16-åringar, som no har vore med på sin tredje sjakkveld. Hjertenes trur det kan vere tungt å tape mykje i starten, men håper ungdommane blir med vidare.

– Eg trur dei syns det er kjekt, og vi får berre håpe dei held fram, seier Hjertenes.

– No møter dei veldig mange gamle meistrar, så dei får seg gjerne litt juling. Men eg trøystar dei med at det er ikkje noko du lærar så mykje av som eit tapt sjakkparti, legg han til.

Elias Vaardal ser tabbetrekket sitt

MYKJE Å LÆRE: Elias Vaardal innser at han har gjort eit tabbetrekk. Dette er tredje gong han speler med Florø Sjakklubb.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.