Hopp til innhold

Slutt på sommarski

Det er slutt på sommarski i Stryn for i år. Varmt ver og sviktande snø gjer at sesongen sluttar nesten før den har byrja.

Stryn sommarskisenter.
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Snøen har rett og slett runne vekk i heten. Noko som vil seie full stopp for Stryn sommarski, seier dagleg leiar Anita Vinsrygg.

- Vi måtte stengje fordi vi har mangel på snø. Vi hadde litt lite snø i utgangspunktet, og kombinert med høge temperaturar har snøen smelta, seier ho.

Mister attraktivt tilbod 

Vinsrygg er uroa over snøsvikten. Ho hadde ønskje om å tilby tilreisande gode skiforhold.

- Vi hadde håpa på ein sesong til iallefall slutten av juli. Det er også trist for Stryn som reisemål som har mist eit attraktiv tilbod, seier ho.

Det er vanskeleg for ho å seie noko om økonomiske tap. Og sjølv om kundane hennar er skuffa, syner dei forståing for vergudane.

- Naturen er noko folk forstår, så folk er veldig hyggelege, seier ho.