Like over klokka 19 laurdag varsla politiet at dei søker etter ein antatt omkomen person. Pårørande er varsla.
Leiteaksjonen starta laurdag ettermiddag. Naudetatar, Raudekrossen og redningsselskapet søkte etter ei kvinne som sumde utover i Eidsfjorden i Nordfjord.
Det vart oppfatta som at personen hadde behov for hjelp, ifølgje politiet.
– Klokka 13.18 fekk vi melding frå ein forbipasserande som såg at ein person kledde av seg og sumde utover Eidsfjorden. Meldar mister etter kvart observasjon av personen, seier operasjonsleiar Jørgen Ommedal i politiet.
Dette var ved badestranda i Sagaparken i sentrum på Nordfjordeid. Det var ei rekkje augevitne til hendinga.
Raudekrossen, eit sivilt fartøy med ROV som kan søkje under vatn, eit redningshelikopter frå Florø, overflatesvømmarar og dykkarar frå brannvesenet i Måløy deltok i mange timar i leiteaksjonen. Også redningsskøyta Simrad Buholmen hjelper til.
Redningshelikopteret har i ettermiddag returnert til basen i Florø.
– Vi har ikkje gjort nokon observasjon så langt, men handterer det som ein redningsoperasjon, seier Ommedal.
Like over klokka 19 varsla politiet at søket går over i ein annan fase.
– Oppdraget går no over i ein ny fase – søk etter antatt omkomen – då det ikkje lenger er håp om å finna vedkomande som la på svøm i live. Pårørande er varsla, melder Vest politidistrikt.
LEITAR: Det blir no leita etter ein person i Eidsfjorden ved Nordfjordeid.
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRKInnstiller ferjesamband
Ferjesambandet Stårheim-Isane var innstilt i ettermiddag fordi den tok del i redningsaksjonen, ferja var tilbake i normal drift klokka 16:00, melder Fjord1.
Innsatsleiar frå politiet på staden, Kurt Hammerø, opplyser til NRK at personen vart sett gåande ut i vatnet ved badestranda Sagaparken klokka 13.15.
Politiet hadde tidleg ei meining om kven personen var.
Operasjonsleiar Ommedal ville ikkje stadfeste dette før dei var heilt sikre på identiteten til personen.
– I beste fall kunne det vere at personen har komme seg på land utan at vi har fått det med oss, seier han.
– Det meldar reagerer på er at vedkomande svømmer utover og ikkje innover.
SØK: Helikopter er på plass for å hjelpe til i søket.
Foto: PORTOFNORDFJORDEID.NOINNSTILT: Ferjesambandet Stårheim-Isane er innstilt inntil vidare.
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK